På ny skal om lag 65.000 små førsteklassingar ut på vegane våre. Små born, med sommarfuglar i magen og nyerverva ransel på ryggen, skal dei ut og møte ein ny epoke i livet. Vi som føresette, sit med ein klump i magen, ikkje berre for alt det nye som skal møte dei, men også for at dei skal kome seg trygt fram og tilbake til skulen.

Med bakteppe om ein frykteleg ulukkessommar på norske vegar, er det grunn til uro. Sjølv om våre vegar er tryggare no enn nokon gong, trass i at talet på bilistar stadig er aukande, er likevel visjonen vår null drepne i trafikken enno berre eit mål der framme. Det er tre faktorar som spelar inn for å nå dette – det er vegen, køyretøyet og sjåføren.

Sjåføren er deg og meg – og aktsemd er stikkordet. Bilbeltebruk, rus og fart er dei faktorar politiet trekk fram som medverkande til ulukkene. Men også skjermbruk – både mobiltelefon og bilens touch-skjermar tek merksemd, og her må vi bruke teknologien for berre å bruke stemmestyring under fart. Køyretøya vert stadig betre, meir automatiserte og tryggare.

Til slutt har vi vegane våre. Høgre er oppteken av å bygge tryggare vegar som sikrar at vi skil mjuke trafikantar frå resten av trafikken, som sikrar at vi kan unngå møteulukker og som sikrar vegen mot ras og skred. Men det er også viktig med fokus på haldningsskapande arbeid og dei mindre tiltaka som tryggar uklare situasjonar rundt skular og barnehagar. Som sikrar av- og påstiging, busslommer og avkøyrslar. Difor hadde Høgre Barnas trafikkplan i våre budsjett, ein post som Støre-regjeringa har kutta. Eit sentralt tiltak her var etablering av såkalla hjartesoner, det vil seie mest mogeleg bilfrie soner rundt skulen.

Høgre vil halde fram arbeidet med å trygge trafikkårene våre, og legge opp til gode kollektive løysingar. Berre på den måten kan vi nå målet om null drepne i trafikken. Vårt mål er at alle dei 60.000 små, saman med dei 540.000 andre skuleborna, skal kome seg trygt fram og tilbake til skulen i åra som kjem.