Så utruleg kjekt å komma heim frå ferie! ( den første 14 dagars ferie me har hatt på 9.5 år) til utruleg kjekke og flinke kollegaer, utruleg kjekke kundar og ein forferdeleg straumrekning.

I fjor var rekninga på denne tida ca 15.000, i år vart den på 50.000, Kva tid skal de som har noko med dette sjå oss småbedrifter som slit med straumrekninga?

På bygda driv me dugnad, så løna står ikkje i forhold til arbeidsinnsatsen. Då blir drifta marginal, det har den vore sidan me starta opp for ca 9.5 år sidan.

Då kjem den høge straumrekninga til å kvele oss! Det er ikkje berre me her i Valevåg som slit med dette.

Eit lån for å klare straumutgifter går berre ikkje an, korleis kan de tenkje slik?

Dersom dette fortset, kjem NAV til å få fleire som søkjer støtte/arbeidsledighetstrygd fordi me må leggje ned drifta. Dette vil vel staten tapa pengar på!

Me i utkantstroka driv ikkje berre butikk. Me driv og «sosialkontor», turistinformasjon, hjelp til med praktiske ting dersom nokon skulle trenge det. Me har og eit toalett som hvermansen kan bruke fritt.

Ei drøsestove har me og, postkafeen blir den kalla. Her får du kjøpt billeg kaffi, nysteikte vaflar får du på fredagen og laurdagen.

Har me litt tid til overs sett me oss ned og drøsar og tøysar litt med kundane våre.

Eg set min lit til at de som har noko med det hjelper oss slik at me kan fortsetje dette viktige arbeidet i bygda

Med venleg helsing

Laila Vikse Lie (adm dir)
Harry Torolf Lie ( styreleiar)
Nærbutikken Valevåg