Det fortel Tove Hidle og Terje Gravdal, som eig og driv Vikinghaug.

Dei ønskjer å skapa ein overnattingsstad med eit tun i Alfred Barclay Meidell si and, der ein òg ser spora etter industrikulturen etter dei som budde her. Og bondekulturen som var her før hotell Vikinghaug vart bygd.

Sakshandsamingstida på byggjesøknader i kommunen og konsekvensane av dei høge straumprisane gjev noko utfordring, men likevel byggjer dei kapital ved Vikinghaug.

– Me forelska oss fullstendig i staden, seier Tove.

Krig, industri og Bergensbanen

Tove og Terje har eigd Vikinghaug på toppen av Odda sidan 2005. Her har dei og dei fire døtrene budd som nomadar i eige hus, medan det omfattande oppussingsprosjektet har gått føre seg. Dei har rett og slett budd seg gjennom heile huset.

I dag står det store huset fram som ein juvel på toppen av Hovden på Eide i Odda, med utsikt mot sentrum, fjorden og Sandvinvatnet. Huset har vore sentralt i Netflix-serien Ragnarok, og har ei godt over 100 år lang historie.

Hardanger Folkeblad møter dei to utanfor ein solskinsdag i september. Det er travelt for dei to, som er foreldre, fosterforeldre, har kvar sine jobbar og driftar fleire utleigebustader ved Vikinghaug. Telefonen ringer støtt, men ettersom turistsesongen er på hell, plingar det ikkje så mykje i bjølla som ein midtsommardag.

Saka held fram under bileta.


Store delar av bygningen er frå 1892, og stod først i Skjervet. Meidell kjøpte huset, og flytta det til Ljonestangen i Kvam. Der fekk det stå mellom 1895 og 1905, før Meidell flytta det til Odda. Årsaka, fortel Terje, var at Odda hadde eit toppår innan turisme i 1904.

Alfred Barclay Meidell (1861–1937)

  • Kaptein, eventyrar, ekspedisjonsleiar og hotelldrivar.
  • Var styrar av det skandinaviske sjømannshjem i London mellom 1884 og 1888.
  • Bruksstyrar for dei engelske godsa i Vefsen og Hattfjelldalen.
  • Opna ei rekke hotell mellom fjord og fjell, mellom anna Vikinghaug.
  • Kjøpte i 1898 eigedomen Sommerlyst på Gyldenpris i Bergen, der det stod ein sveitservilla som fekk namnet Villa Mexico. Huset vart rive i 1967 for å gje større plass til avkøyrsel frå Puddefjordsbroen.
  • I 1920 vart han hotelleigar i Santa Cruz på Tenerife – Quisisana Hotel.

Kjelde: Bergen Byarkiv

På den tida, før industrien kom hit, var Odda ein av dei store turistattraksjonane i Noreg, særleg for utanlandske turistar. Småhus som stod rundt Vikinghaug, vart flytta saman med det.

– Han bygde eit friluftsmuseum for gjestene sine, som hadde tre røykestover og eit par stabbur, seier Terje.

Tre faktorar gjorde at Vikinghaug den gongen ikkje vart det Meidell hadde sett føre seg: kraft- og industriutbygging i Tyssedal og Odda, Bergensbanen som stod klar i 1909 og den første verdskrigen som starta i 1914.

Frå den gongen og fram mot i dag har det vore ulike eigarar av og bebuarar i huset. Det vart etter kvart kjøpt av Smelteverket, og deretter kommunen. I 2005 kjøpte Tove og Terje Vikinghaug.

Kortreist og gjenbruk

No er hovudhuset fullført, og uteområdet står for tur. Sjølv om dei allereie har starta dette arbeidet, står mykje att.

– Eg har samla ein del materiale lokalt, som er brukt til å bygge småhytter og slikt i uteområdet. Det er mellom anna frå ei løe på Jordal, materiale frå Brucehagen 4, frå fjorden, Smelteverkstomta og frå den gamle brua ved Vasstun, fortel Terje.

Både han og Tove har fokus på gjenbruk, både når det kjem til byggjemateriale og inventar. Hardanger Folkeblad får ein rundtur i huset, og mange av møblane som er brukt i utleigebustadene er kjøpt på Finn. Likevel har huset ein moderne fjong over seg, med nye bad og kjøkken, og enkelte møblement av nyare karakter.

Ute er store delar av områda planerte, det er bygd murar og lagt platting.

– Me har fått ei tiltaksliste av kommunen, over kva me kan gjere utan å søkje, kva me må søkje om, og kva som krev politisk handsaming, opplyser dei to.

Av uteområdet er 17,4 mål leigd jord av kommunen. Dette er definert som friluftsområde, og difor vanskeleg å få gjort noko med.

– Sjølvsagt har me planar om å gjere meir her ute. Det er planar om å restaurere eit av småhusa og gjere det om til ei bakstestove, og utvikle andre bygningar basert på lokal byggjeskikk og lokale tradisjonar. Me er villige til å bruke ressursar på dei små husa i tunet og skapa eit attraktivt miljø som inviterer til bruk og rekreasjon, fortel Terje.

Ønskjer seg friluftsmuseum

– Me har gjester frå heile verda som lovprisar utsikta. Det hadde vore veldig kjekt å få lov å utvikle resten av tunet. Me kunne tenkt oss eit lite friluftsmuseum, slik som Meidell. Delar vil sjølvsagt uansett vere ope for allmenta, men ein del av arealet som ligg på sørsida av Vikinghaug ønskjer me å bruke meir til våre gjester. Eit slikt samarbeid med kommunen hadde me sett pris på, seier dei to.

Saka held fram under bileta.

No har dei stort sett fullt belegg heile tida. Turistane kjem allereie i mars, og storparten av sommaren og fram til midten av oktober er det fullt.

– Me hadde toppår i 2020, og det slo me i 2021. I år overgår me fjoråret, fortel Terje.

Korleis dette har gått, med tanke på pandemien me har vore gjennom, både i 2020, 2021 og starten av 2022, ligg i måten dei driv på, forklarar paret. Det er lukka einingar, og det er ikkje matservering. Dei driv som ei familiebedrift, og kan heller ikkje permittere kvarandre.

– Det vart ein slags «escape» for mange under pandemien. Til dømes austlendingar som ville ut av byen. Det vart plutseleg ein fordel å ikkje ha matservering, seier Tove.

– I tillegg siktar me oss mykje inn mot bedrifter og firma som har behov for overnatting.

– Korleis er inntektene?

– Dei er gode. Me byggjer kapital. Draumen er kanskje å leve av Vikinghaug, men no når straumkostnadene aukar og det er prisstigning på alt, går meir av overskotet til det og det skapar usikkerheit om me kan bruke overskotet til både løn og utvikling av Vikinghaug. Difor torar me ikkje å satse for tøft, så me vil nok halde fram med å arbeide utanom.

Netflix, sider og lokal mat

– Mange kjem hit og bur på Vikinghaug på grunn av Trolltunga, sider, Lothepus, turmoglegheiter og lokale matopplevingar. Dermed kjem det turistar året rundt, fortel Tove og Terje.

Dei peiker særleg på satsinga på heilårsturisme, mat og drikke som viktige faktorar for å trekke turistar til Indre Hardanger.

– Det er svært kjekt å no kunne anbefale gjestene våre mat og drikke i nærleiken. Det er kjekt for oss sjølv om me ikkje driv med servering sjølve, seier dei, og dreg fram Fjoren, Siderhuset Ola K, Buer Restaurant og Ferskvaren Kolonial og Restaurant.

Terje meiner det er satsinga innan sider som har bana veg for lokale mattilbod, og trur det vert spennande å sjå korleis dette vil utarte seg på heilårsbasis.

Utover hausten har dei likevel blokka nokre av bustadene for booking, for å kunne halde desse av til bedrifter og firma. Sjølv om Boliden allereie har ordna bustader til dei som skal arbeide skift under utbygginga, ser dei ein marknad for ingeniørar og mellombels leiing.

– Og så er det fint for oss at det er noko rolegare om hausten. Me treng nokre kvileperiodar sidan det er ei familiebedrift. Det er krevjande med turistar, det plingar i bjølla heile tida, ler dei.

Slik dei ser det no, er dei i ein heldig situasjon, med eit næringsliv som treng bustader og mykje turisme nesten halve året. Likevel tek dei det ikkje for gitt.

– Ein veit aldri i denne bransjen.

På spørsmål om Vikinghaug som ein sentral del i Netflix-serien Ragnarok har gjeve dei ein ekstra «boost», svarar dei noko usikkert. Det er vanskeleg å seie om belegget er påverka av serien.

– Mange synest sjølvsagt det er kult, andre visste ikkje i framkant at Vikinghaug er «Ragnarok-huset». Me trur Odda kunne gjort meir ut av serien, til dømes med guida turar og slikt, men for oss er det vanskeleg å seie om me har hatt effekt av det. Me har allereie mange bestillingar, peikar dei på.

Sjølv om dei er usikre på effekten, har Tove og Terje late seg inspirere av serien som tek føre seg norrøn mytologi:

– Den eine hytta som me har bygd her ute kallar me Jutul-bu, og har planar om éi til som me vil kalle Fjor.