Det vert igjen gjort politiske vedtak i Vestland, som sår tvil om Hordfast og midtre trasé. Trasevalet er tatt fleire år tilbake, og det har vore jobba godt saman inn mot NTP prosessen for at Vestland skulle få med alle sine prosjekt. Og det lukkast me med, fordi me stod samla og fordi me hadde gode prosjekt. Ikkje minst det mest samfunnsnyttige prosjektet av alle - Hordfast.

Næringslivet treng ikkje omkampar om trasé, med nye utredningar, som medfører forseinking av byggestart. Me oppmodar til framleis å jobba saman slik at Hordfast kan opne samstundes med Rogfast, og med det halvere reisetida mellom Stavanger og Bergen i 2031.

La det ikkje vera tvil – Hordfast med bru over Bjørnafjorden er det viktigaste infrastruktur prosjektet for industrien og det øvrige næringslivet på Stord.