Gitt løyve til felling av jerv

: Illustrasjonsfoto: ANB

: Illustrasjonsfoto: ANB Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Etter tre år med påviste jervskader på beitedyr i grensetraktene mot Rogaland gav fylkesmennene i førre veke fellingsløyve.

DEL

HORDALAND [HF]: – Vi har tidlegare år erfart at jerv jaktar i grenseområda på begge sidene av grensa mellom Hordaland og Rogaland. I år er det på nytt registrert og dokumentert jervskader. Det må vi ta innover oss ved å gi fellingsløyve, seier Stein Byrkjeland hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Fellingsløyvet som no er gitt varer fram til 31. august og er koordinert med fylkesmannen i Rogaland. I tre år er det registrert jervskader på begge sidene av grensa.

Det er det regionale fellingslaget for rovvilt som har ansvaret for fellingsforsøket.

I Hordaland er jaktområdet avgrensa av rv. 7 i nord, fylkesgrensa i sør og aust og rv. 13 i vest. Det vil seie at delar av kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord er med i området.

Løyvet er gitt for å førebygge fleire tap i eit viktig beiteområde med mykje beitande sau.

Byrkjeland fortel at Hordaland høyrer til ein rovviltregion der beitenæringa skal ha prioritet.

– Det vil seie at det skal vere låg terskel for å gi fellingsløyve for jerv i vår landsdel.

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags