Auke på over 11 prosent på eitt år

Av

Ved årets slutt hadde 200 833 bilar køyrt gjennom Jondalstunnelen, ei auke på 11,65 prosent frå 2015.

DEL

Slå til nå: 5 kr for alt innhold på nett i 5 uker

ODDA: Den gode trafikkutviklinga gjennom Jondalstunnelen, som opna for trafikk i 2014, held fram. 29. desember kom bil nummer 200.000 gjennom tunnelen og vart stoppa av Jondalstunnelen AS sin julenisse som gav han ein «tunnelblomoppsats».

– Det noko spesielle med denne bilisten, som var busett i Jondal, var at denne familien var på veg til hytta si på Maurseth og at dei sparte om lag 20 minutt på å køyra via Odda seier styreleiar Toralv Mikkelsen i ei pressemelding.

Styreleiaren ser ingen grunn for at ikkje trafikktala også vil stige med 10–12 prosent dei næraste åra.

– Regulariteten i ferjesambandet Jondal–Tørvikbygd er god og det er heilt unntaksvis at MF «Etne» må melda pass grunna uvêr. Som styreleiar har eg derimot fått fleire uromeldingar frå bilistar som har nytta vegparsellen mellom Austrepollen og Nordrepollen i desember når uvêret herja som verst seier han og peikar på at vegen er krevjande å køyra i mørke på regntunge dagar kor stein ofte hamnar i vegen.

No håpar han at myndigheitene vil løfta fram eit nytt vegprosjekt på denne parsellen. Jondalstunnelen AS har nyleg gått inn for ein ny tunnel.

Denne saken er hentet fra Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags