Både innan desentralisering og energipolitikk skjer det spanande ting i vårt naboland. Vil den norske regjeringa hente inspirasjon, og kan vi lære noko?

I 2015 bestemte den danske regjeringa at dei statlege arbeidsplassane i større grad skulle vera fordelt i heile landet. Målsetjinga var at dei skulle koma tettare på innbyggjarar og verksemder. Det førte til reformprogrammet «Bedre Balance», der den dåverande Venstre-regjeringa leia av Lars Løkke Rasmussen tok initiativ til å flytte ca. 3.900 arbeidsplassar frå hovudstaden til dei fire øvrige regionane i Danmark. I 2018 følgde ein opp med «Bedre Balance II» der målet var å flytta ytterlegare 4.000 statlege arbeidsplassar.

Mette Frederiksen og den noverande danske regjeringa har fulgt opp dette arbeidet under slagordet «Tættere på», der målet er at Danmark skal henge betre saman. I tillegg varsla ho i sin nyttårstale ved overgangen frå 2021 til 2022 at alle kommunar no skal setjast fri frå staten sine reglar og byråkrati. Det er ei utviding av det sokalla frikommuneforsøget, der sju kommunar har vore prøvekommunar og fått full fridom til å drive anten grunnskular, barnehagar eller eldreomsorg.

Fredag 18. mars var det debatt i Stortinget om fjernarbeid og desentralisering av statlege arbeidsplassar, der med anna eit framlegg frå oss i Initiativ Vest fekk merksemd under debatten. I debatten slo statsråd Bjørn Arild Gram (Sp) fast at fjernarbeid må kome som tillegg til statleg lokalisering i distrikta, og ikkje som erstatning. Det er ei god tilnærming, som er notert og som dei må følgja opp!

Kva om den norske regjeringa, som har slege fast at ein i større grad skal ta heile landet i bruk, hadde gjort det same som danskane når dei no skal meisle ut distriktspolitikken gjennom sitt arbeid med ei ny distriktsmelding? Satt eit storstilt mål om utflytting av statlege arbeidsplassar, for å kome tettare på innbyggjarar og verksemder og for å sikre at landet hang betre saman. I valkampen i 2021 hadde både Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum møter med ein sentral dansk politikar på dette feltet, nemleg noverande Indenrigs- og boligminister Kaare Dybvad Bek. Kanskje er det gode grunnar til at dei bør sjå meir mot Danmark også no etter at valkampen er over?

Når dei fyrst ser til Danmark, kan dei også hente inspirasjon frå danskane sin energipolitikk, som med anna har ført til at ein no skal byggje to energiøyer som skal vera ferdigstilt innan 2030, og levere 5 GW effekt. Til samanlikning vil den norske satsinga som nyleg vart lansert med fyrste fase av Sørlige Nordsjø II levere 1,5 GW (Ytterlegare 1,5 GW vil kome i andre fase). Interessant er det også å sjå at dette gigantiske danske prosjektet har eit breitt politisk fleirtal bak seg, med 175 av 179 representantar i Folketinget.

I Noreg har vi no satt ned ein energikommisjon som skal sjå på dei lange linjene i norsk energipolitikk, og forsøke å finne dei gode løysingane på ein del krevjande flokar. Der ein må balansere ulike omsyn. Ei utfordring med vindmølleutbygginga på land har vore at prosessane har teke so lang tid at vedtak og ferdigstilling har skjedd i ulike valperiodar. Kanskje ville også norsk energipolitikk hatt behov for eit stort felles prosjekt, som ein kunne samla seg om og som dermed ville blitt realisert og hatt politisk støtte til tross for eit skiftande politiske fleirtal i Stortinget. Havvind kan vera eit slikt felles politisk prosjekt, men då trur eg vi må oppjustere ambisjonane og tempoet noko.