Gå til sidens hovedinnhold

Håpar på 500 besøkande

Artikkelen er over 3 år gammel

Laurdag arrangerer Ferkingstad velforeining Molinerdag for første gong.

KARMØY: – Me ønskjer å skape masse folkeliv,  og håpar at folk frå bygdene rundt òg tar turen, fortel initiativtakar Berit Ådland, som ser dette som ein god sjanse til å vise fram den flotte hamna på Ferkingstad.

– Her har me jo ei flott hamn og fine sjøhus. Omgjevnadar godt eigna til eit slikt arrangement.

Ådland fortel at velforeininga arrangerer loppemarknad, og at det blir sal av kaker og kaffi.

– Me er veldig stolte av kunstnarane me har buande her på Ferkingstad. Desse skal stille ut bilda sine. I tillegg speler Aleksander Hauge konsert.

Barna får boltreplass nede med sjøen.

– Me har lånt Eliasbåten, ein liten båt der det står Elias på sida. Den får barna halde på med nede i hamna. I tillegg blir det kanopadling, fortel Ådland.

Førehandsinteressa har vore stor, opplyser Ådland. Nå håpar ho at sa mange som 500 tar turen.

– Og søndag går Molinermarsjen av stabelen. Etterpå blir det sal av komler på idrettshuset, avsluttar ho.

Kommentarer til denne saken