Måndag stemte innbyggjarane i Sveio over om kommunen bør bli med i Rogaland fylke eller bli verande i Vestland. Resultatet blei eit fleirtall for det siste, med 56 prosent.

Ordførar Linn Therese Erve uttaler at dette er eit tydeleg mandat til politikarane. Det har ho rett i. Folkerøystinga er rådgjevande, men med dette resultatet er saka avgjort. Politikarane i kommunestyret kan ikkje nå gå vidare med ein overgang til Rogaland. Det ser me heller ikkje at leiande tilhengjarar av fylkesbytet går inn for.

At meir enn fire av ti meiner at Sveio burde gå ut av Vestland og inn i Rogaland, er likevel eit relativt kraftig signal om at Sveio egentleg er i feil fylke. Med lang historie og sterke kjensler for det gamle Hordaland – og klart standpunkt for staus quo fra ordførar, er kanskje valresultatet for fylkesbytte bedre enn venta.

At gigantiske Vestland, som strekker seg nord til Stad, er feil fylke for Sveio, treng likevel ikkje tyde at Rogaland er rett.

Sjølv om vi meiner Sveio fyrst og fremst høyrer til på Haugalandet, ser me at koplinga til Stavanger og sørover er svak. Difor er det forståeleg at mange ikkje kjenner seg heime i Rogaland.

Dermed er me tilbake i diskusjonen om ein lite styrt prosses for regionstruktur. Overordna er det ulogisk at fylker som Vestland og Viken skulle dannast, mens fylker som Rogaland blir verande.

Me skulle gjerne sett Vestlandet inndelt på ein annan måte, der Haugalandet og Sunnhordland var tettare knytt saman, også formelt.

Det ville ha gitt Sveio eit bedre og meir natuerleg val enn slik det var nå.

Uansett var det fint at folket fekk seie meiniga si, og Sveio er like mykje ein del av Haugalandet framleis.