ULLENSVANG [Hardanger Folkeblad]: Det var etter spørsmål om status for kommunen sin pumpestasjon etter medieoppslag i helga som fortalde om campinggjestar på den nyopna bubilcampen, som hadde fått beskjed om å «tømme toalettet i elva».

Ordførar Roald Aga Haug (Ap) gav skryt til Leif Einar Lothe, som på «rekordtid» har fått på plass både toalettanlegg og dusj på bubilcampen. Problemet var at toalettet gjekk tett fordi nokon hadde tømt dunkane sine oppi.

Langeland forklarte for kommunestyret:

– Den kommunale pumpestasjonen er under ombygging. Tømmestasjonen er i den anledning stengt inntil vidare. Vi har informert næringa om dette.

Han sa at tømmestasjonen vil vere open igjen om ein til to veker. I mellomtida har ein ikkje noko godkjent tømmepunkt i Odda.

At pumpestasjonen til kommunen er under ombygging og derfor ute av drift har ikkje vore ukjent. Men utsegna frå Lothe sitert i VG fekk fleire til å reagere.

– Campingtoalett kan ikkje tømmast direkte i Opo. Det er drivar sitt ansvar å sørge for at det ikkje skjer. Det var ei uheldig sak, uttalte Langeland.

Han la til at han forstår at det er vanskeleg å skjønne at dei som kommune kan få dispensasjon og utsleppsløyve i den perioden ein bygger om pumpestasjonen.

– Då går avløpet direkte til sjø, om lag 200 meter ut i fjorden, i denne perioden, stadfesta han, og la til at frå kommunen si side er dette søkt om og godkjent i dei rette instansar.