Stiller spørsmål til 1.600

MØTER OG TELEFONAR: Rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord seier «minst 400» vindafjordingar vil få telefon mellom 11. og 15. april om kva dei meiner om kommunestrukturen. Folkemøte om saka blir rett over påske i Ølen.

MØTER OG TELEFONAR: Rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord seier «minst 400» vindafjordingar vil få telefon mellom 11. og 15. april om kva dei meiner om kommunestrukturen. Folkemøte om saka blir rett over påske i Ølen.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

No skal kommunane Vindafjord, Sauda, Suldal og Etne få vita kva innbyggjarane deira meiner om å slå saman kommuner.

DEL

KOMMUNESTRUKTUR: Sidan Tysvær ikkje vil slå seg saman med Vindafjord, sit Vindafjord att med Etne, status quo eller med ein storkommune på indre Haugalandet/indre Ryfylke.

Den vil bestå av Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal.

Dei fire kommunane har engasjert meiningsmålarar frå Opinion til å spørja minst 1.600 personar i dei fire kommunane om kva dei meiner.

– I Vindafjord kan mange venta seg ein telefon frå Opinion i tida mellom 11. og 22. april, seier rådmann Kristian Birkeland, og skisserar minst 400, kan hende endå fleire.

Avklaras over påske

Det skal avklarast med meiningsmålarane like over påske.

Då skal også Vindafjord ha folkemøte i Ølen om kommunereformen.

– Kva blir spørsmåla til vindafjordingane?

– Me vil vita kva dei tenkjer om kommunen som han er nå, ei eventuell samanslåing med Etne eller ei endå større eining med Etne, Suldal og Sauda. Dessutan vurderer me å fletta inn fleire spørsmål der me vil vita kva innbyggjarane tenkjer om avstandar, kva som er viktig for dei osb., seier han.

400 saudabuar

Rådmann Wictor Juell i Sauda fortel at Opinion skal gjera rundspørjinga i alle dei fire kommunane «i løpet av april».

Det er opp til kvar kommune kor mange dei vil spørja, men Sauda har bestemt seg for å spørja 400 i sin kommune.

Spørsmåla blir likevel ulike.

I alle dei fire kommunane skal det spørjast om kva folk meiner om ein VESS-storkommune (Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).

I tillegg vil det bli spurt om kva folk meiner om det såkalla 0-alternativet (kommunane forblir som nå).

– I Sauda skal formannskapet ta stilling til spørsmåla

6. april. Me skal ha sak på kommunestrukturen i mai, og beslutning i kommunestyret i juni, fortel Juell.

– Vil avgjerda bli lagt ut til forpliktande folkerøysting?

– Eg kjem til å gå inn for folkerøysting dersom fleire alternativ har stor oppslutning i undersøkinga Opinion utførar for oss, svarar han.

I Etne skal det like over påske haldast tre folkemøte om kommunestrukturen; i Etne, Skånevik og på Åkrafjordtunet.

Vil dei bytta fylke?

Ordførar Siri Klokkerstuen (Ap) peikar på ytterlegare ei utfordring for Etne dersom det blir aktuelt med ny kommunestruktur:

Vil etnebuen forlata Hordaland og gå over til Rogaland ?

Dette meiner ho også må greiast ut om.

– Kva med grupper som har krevd Skånevik til Kvinnherad og indre Åkrafjorden til Odda?

– I kommunestyret i Etne har me vore enige om at Etne kommune også i framtida skal vera samla. Han skal ikkje stykkast opp. Om det blir i lag med nokon andre, får utviklinga framover visa, fortel Klokkerstuen til Haugesunds Avis.

Artikkeltags