Bussjåførar og anbud, sjåførmangel?

Av
DEL

KronikkNå er tida kommen der det 3. anbodet på busskøyringa i Nord Rogaland skal leggjast ut og tilbod skal leverast til Kolumbus. I forkant av dette, har ruteopplegg vore til høyring i kommunane, nokre av merknadene er tatt til følgje, andre ikkje.

Ved tildeling kan ein vektleggje ulike kriterium, det som diverre har vore svært styrande er økonomi. Min erfaring med dette systemet er urovekkande med tanke på den enkelte sjåfør som skal sitje bak rattet. Ved å innføre anbod i bussnæringa, er sjåførane sine arbeidsforhold blitt endra.

Det som er ein kjensgjerning og erfaring ved innhenting av anbod, er sjåførens rolle og arbeidsplass komme langt bak i køen av prioriteringar. Når ein valde å gå vekk frå tidlegare ordning med tilskot og driftsavtaler med kvart enkelt selskap, forsvann over natta all lokal kunnskap og samarbeid mellom sjåførar og det enkelte selskap.

Dette er eit sjølvsagt resultat av oppbygging av anbodsprosessen. Nå skal anbodseigar (Kolumbus) leggje opp ruter og opplegg, dei skal og detaljert planleggje skuleruter, busstorleikar, kapasitet, osv. Etter at dette arbeidet er fullført og rammer lagt, blir dette politisk vedtatt og endelege rammer er klar til å lysa ut på anbod.

Dei ulike selskap som nå gir inn pris på anbodet, må då rette seg etter dette opplegget som grunnlag for pristilbod. Det er spesielt tre store kostnader knytt til økonomien i dette, investering i materiell, driftsutgifter som dekk, drivstoff og vedlikehald, og til slutt sjåførlønn og adm.

Erfaringa i dette har for dei fleste selskap blitt slik, bussar, dekk og drivstoff, desse kostnadane er svært like og lite å «spare inn» i forhold til inngitt pris.

Me som sjåførar set då att som den store utgiftsposten som det skal « finreknast» for å gi pluss i inngitt anbod.

For å gå litt tilbake til tida før anbod, der var me som sjåførar ein viktig del av heile opplegget med samarbeid om ruteopplegg, køyreplanar og arbeidsforhold.

Vår erfaring med f. eks forslag til forbetring av ruteval, rutetrasear og praktiske, nyttige forslag ved investeringar og køyreplanar, og ikkje minst tilbakemeldingar frå passasjerar, var heilt grunnleggjande i samarbeid med lokal leiing.

Dette var med å gi oss ein eigarskap til vår jobb, resultatet av dette var at me drog lasset saman og f.eks. skader, sjåførmiljø og ansvar for jobben gav positive resultat.

Er det nokon som set med politisk ansvar i dag som har vore i nærleiken av å snakke med oss som sjåførgruppe?

Svaret eg har fått frå fleire politikarar i dette spørsmålet er, sjåførane er jo garantert jobb ved anbodsovertaking og bytte av selskap ved nye anbod. Ja, det stemmer at me har jobb, men er det nokon andre yrkesgrupper som kan leve av deltidsjobbar?

Eit eksempel: Sjåfør som køyrer skuleruter i dag, jobben begynner ca. 06.30 køyrer til 08.30, har delt skift, kjem på jobb igjen kl 1330, køyrer til 1530. Arbeidsdagen er 9 timar, for dette får sjåføren lønn for 5. Dersom denne sjåføren har dette som sin faste turnus, 180 skuledagar i året, har han ca. 900 timar pr. år. Ja, dette blir det pensjon og rettigheter av. For alle sjåførar som er i jobb, har dei i ulik grad slike skift på sin køyreplan, dette er eit heilt naturleg resultat av planlegging utan tanke på at ein treng ein sjåfør til å køyre bussen. Når dei ulike selskap skal leggje ein skift og turnus kabal, er dei sjølvsagt bunden av avtalar og lønn som gjeld i arbeidslivet, men er det nokon i det politiske miljø som interesserer seg for våre arbeidsforhold.

Me lever i 2019, min påstand er at det er berre vår yrkesgruppe som kan komme i ein arbeidssituasjon der me er bundne til jobben 45 t i veka og får lønn for 25t.

Kvifor blir det slik, kan ein spør seg, jo avstanden frå dei som vedtar økonomiske rammer, til dei som set bak rattet er så stor at dette kjem ikkje opp i dagslyset.

Me har nå hatt anbod i vårt område sidan 2006, kva tid skal dette evaluerast, eller er det evaluert utan at dei brysomme sjåførane er tatt med på laget?

Skal me nokon gong komme ut av sjåførmangel og sjåførflukt frå anbod, bør ansvarlege politikarar ta tak nå.

Skal me gå i gang med nytt anbod utan å ta tak i utfordringane, ser eg ikkje lyst på dette. Eg vil utfordre våre samferdsels politikarar på å ta tak i dette. Me er tilgjengelege og svært interessert i å finne gode løysingar og komme med kreative forslag.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags