DIKT 1

Prince døyr same dag som Dronning Elisabeth blir 90 år.

Kvinne (49) kjenner på at kvardagen ikkje blir nevneverdig endra.

DIKT 2

Kvinne (49 ) nektar å stille klokka fram.

Pjukeface tenkjer ho , eg treng ei klokke som går baklengs når vi er saman.

DIKT 3

Fem nøtter og ei kastanje til kvensomhelst som føler seg som Askepott.

Mona Elin Aarø

Eg skal sno orda så dei slyngar seg kring armane mine.

Eg skal vri og vrenge på setningane så dei buktar seg og bit alle oppsvulma ego som vitjar Isis utan vørdnad.

Me har funne rytmen frå Midtausten igjen; heilag sveitte skal fly frå virvlande hofter og væte verda.

Slik vert åkrane igjen signa og kornet kan synge i sola.

Inanna kjem frå Ur, helsar oss med heva hender, spør: Treng de meg til å tyde teikna?

Sjå på elvene, seier ho, dei er ikkje reine; kolsvart røyk stig framleis opp mot himmelen.

Kvifor brenn de skogane? Veit de ikkje at dei og me vekslar pust i evig rytme?

Eg elskar oksen seier ho, det var ikkje eg som ville drepa han.

Kvifor plagar Gilgamesh han enno?

Artemis kjem med tårer i augene, seier at ho høyrer skrika frå alle dei sjelfulle på jorda.

Sugga, den store mor, fortel henne om redslene ho må tåle.

Kalvane klagar, nyfødde rivs dei vekk frå mødrene som vert til mjølkemaskinar.

Folk dryp gift i augene på kaninane og tvingar apekattar til å røykje.

Og kyllingane, kyllingane seier ho, kva er det de gjer menneskje?

Mørkret er tett seier Athene, men uglene fortel meg at visdomene spirar og gror.

Slangane kviskrar at Amasonene jaktar på dei blinde heltane, dei som held revane fanga og let isen smelta.

Mange liv og mange bryst er blitt ofra seier Afrodite, eg vonar det er nok no.

Eg har tru på kjærleiken seier Maria frå Magdala, eg let hjarte mitt opna seg.

Eg har tru på mirakel seier mor Maria , eg ber om at dei blinde skal få synet att.

Eli Anna Gudmundsen

LØYPE

er ikkje her for å forelska meg

er ikkje her for å hugsa på kva kroppar kan gjera

er ikkje her for å bli funne

vil berre leika med blå steinar

og nye songar som ligg og duvar i fjøresteinane

klare til å klatra ut av hendene mine

Eg ser på menn.

Ser dei tilbake, lagar eg strekar av gyldent støv

over himmelkvelven, for å vise kven eg er

eller vrenger meg om

til ein valmue

i vegkanten

Liv Reidun Hansen

Juryens begrunnelse:

Vinnerens bidrag kan leses som tre korte, selvstendige dikt. Juryen har imidlertid oppfattet det som ett verk – eller en trilogi.

Diktet fremstår som et friskt og lekent skråblikk på tilværelsen. Uttrykket er enkelt og nærmest anti-poetisk, men svært treffsikkert og preget av en dypere kunstnerisk forståelse. Den stramme komposisjonen bærer i seg et fortettet meningsinnhold som åpner seg ved flere gjennomlesninger og gir rom for ulike tolkninger.

Både stil og budskap oppleves som samtidsnært. Diktet utforsker språket på en interessant måte, byr på aktuelle problemstillinger og har klare referanser til moderne medium.

Frank Krogh Kongshavn, Odd Eirik Færevåg, Eli Sol Vallersnes, Ingeborg Kringeland Hald, Andreas Meland