Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det utspeler seg for tida ein debatt om jubilea i Noreg. I sommar var det ein større diskusjon om kva posisjon religionen skal ha i jubilea, og i haust diskuterast det kva region som kan vise til etableringa av landet vårt. I vår/sommar feira vi Rikssamlingsjubileet, 1.150 år sidan Hafrsfjord og samlinga av Noreg, mens i Hurdalsplattformen har Stiklestad Nasjonale Kultursenter fått eit nasjonalt ansvar for å markere «Nasjonaljubileet 2030 - Norge i 1000 år» gjennom tiåret 2021-2030. Stiklestad nasjonale Kultursenter har initiert dette jubileumsprosjektet som har vore i utvikling sidan 2017, og regjeringa har nå følgt opp med å gi prosjektet ansvar og finansiering. Det rettes nå kritiske spørsmål kring dette, blant anna frå Rødt-politikar Mimir Kristjánsson, som meiner at Nasjonaljubileet 2030 hevder at statsdanninga for Noreg er knytt til slaget i 1030, og hoppar over samlingsprosessen ved Harald Hårfagre 150 år tidlegare.
Historikar Sverre Meling har utifrå Haugalandet sitt perspektiv retta same kritikk.
Moster 2024 er eit nasjonalt lovjubileum som markerar at det er 1.000 år sidan Olav den heilage innførte Kristenretten på Moster-tinget (Bømlo kommune) i 1024. Ei radikal hending som starta prosessen med å strukturera eit samfunn ved eit lovsett fundert på ein ny religion med nye verdiar. Ei svært markant hending i arva etter Olav den heilage, som langt på veg har vore formande for det Noreg vi har i dag. Dette skal markerast i eit frittståande lovjubileum, som markerar ei svært viktig nasjonal hending i norsk rettshistorie. Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune har sidan 2010 arbeidd med å legge til rette og satse på dette jubileet, gjennom å opprette og finansiere eit eige jubileumsselskap Moster 2024 AS, som også mottar statleg finansiering. Selskapet er operativt over 5-årsperioden 2020-2024.
I statsbudsjettet 2023 er det tydeleg at det skal satsast på Stiklestad som «navet i Nasjonaljubileet 2030». I utgangspunktet er dette positivt for denne samarbeidsplattformen som har mange deltakande aktørar over heile landet. Men at alle komande jubileer nå er samordna under same budsjettpost allereie i 2023 er svært uheldig for Moster 2024. Konsekvensen av dette er nå at tilskotet til Moster 2024 i budsjettforslaget er underordna «Nasjonaljubileet 2030 - Norge i 1000 år» og her sorterer under kategorien «mindre arrangement rundt omkring i landet». I budsjettforslaget for 2023 er såleis det statlege tilskotet til Moster 2024 halvert i storleik frå omsøkte (og tidlegare lova midlar frå m.a. forrige kulturminister Abid Radja) 2 mill til 1 mill. Dette opplevast ikkje rett for eit lovjubileum av nasjonal betydning og verdi som har vore prioritert av regionen og på Statsbudsjettet sidan 2019. Dette er meldt inn budsjettprosessen.
Denne innretninga i Statsbudsjettet 2023 påverkar nå korleis Noregs historie skal vektas og verta fortald. Dette er ein viktig tematikk for oss som engasjerer oss i korleis landet vårt har vorte til og arbeider med å formidle dette. Konfliktpunktet i denne diskusjonen gjeld narrativet om Noreg, og korleis vi tolkar og kommuniserer dette i dag. Ikkje minst er det viktig når det kjem til korleis vi formidlar arven vidare til dei unge som skal bere historia inn i framtida. Herunder unge vestlendingar og haugalendingar som har all grunn til å vere svært stolte over den arven som skriv seg frå denne regionen med både Hafrsfjord, Avaldsnes og Moster som sentrale stader i Noregs statsdanning.