Gå til sidens hovedinnhold

Kvifor bruka Spleis når pengane kan overførast gebyrfritt til ein innsamlingskonto?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg viser til reportasjen i Haugesund Avis den 10. april om at Spleis krev 6,5 % av innsamlingsbeløpet til Andrea Beate Fjellheims kreftbehandling.

Eg hadde i si tid ansvaret for ein innsamlingsaksjon i Tysvær, der målet var å samla inn pengar til kjøp av ein ny Toyota Landcruiser til Dr Lars Kjetland som då var misjonslege i Afrika. Før han reiste til Afrika var han kommunelege i Tysvær kommune. Som lege var Kjetland var svært godt likt av innbyggjarane i kommunen.

Etter at han kom til Afrika skreiv han med jamne mellomrom i Tysvær Bygdeblad om korleis livet arta seg på misjonsmarka. Der kom det fram at misjonsselskapets Landcruiser song på siste verset. To av innbyggjarane i Tysvær kommune tok då initiativet til å samla inn pengar til kjøp av ny Landcruiser og bad meg som advokat ta ansvar for å oppretta ein innsamlingskonto i SR Bank og ha tilsyn med innsamlinga. Innsamlingsaksjonen vart gjort kjend gjennom Tysvær Bygdeblad. Etter nokre månader hadde det kome inn nok pengar til å kjøpa ein ny Landcruiser. Pengane som folk gav gjekk uavkorta inn på innsamlingskontoen.

Det er kanskje lettvint å bruka Spleis, men svært dyrt. Sparebank 1 som eig Spleis tek seg godt betalt. Så kvifor bruka Spleis når pengane kunne gått uavkorta inn på ein innsamlingskonto oppretta av dei ansvarlege for innsamlingsaksjonen?

Kommentarer til denne saken