Søk avslutta etter leiteaksjon i Sæbøvik

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I 18.30-tida i kveld vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon i Sæbøvik etter at ei kvinne skal ha høyrt rop om hjelp.

DEL

KVINNHERAD: Ei kvinne skal ha høyrt ei kvinnestemme ropa om hjelp i Sæbøvik laurdag kveld. Det var avisa Sunnhordland som melde om saka først.

Kvinna skal ha høyrt fleire rop om hjelp med eit par minutt mellomrom, og tipsa difor politiet i 18.30-tida.

Etter snautt fire timars leiting blei søket avslutta, etter at ingen blei funne og ingen var meldt sakna på Halsnøy.

Tor Kristian Olsen ved Kvinnherad Lensmannskontor seier til Kvinnheringen at det har vore søkt med både helikopter og båtar i området, og at fleire, både frivillige og Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps, har delteke i søket.

Ein veit enno ikkje kva som ligg bak ropa som tipsaren skal ha høyrt, men politiet vil uansett rosa ho som melde frå.

Leitemannskapet er òg takksame overfor dei på samfunnshuset som stilte opp og laga kaffi, medan søket føregjekk.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen.

Artikkeltags