Utvidar søket etter sakna 28-åring

Rundt klokka 14.30 torsdag fekk Kvinnherad lensmannskontor melding frå familien til 28 år gamle David Tveit, om at han var sakna frå bustaden sin på Varaldsøy i Kvinnherad kommune.

DEL

KVINNHERAD [Kvinnheringen]: Siste sikre observasjon av mannen var tidleg onsdag morgon. Etter dette har ingen hatt kontakt med vedkommande, eller observert han.

Fredag ettermiddag trappar politiet opp søket etter den sakna mannen. Politiet opplyser til Kvinnheringen at dei held fram søket mens det enno er lyst, men at dei kjem til å gjera ei ny vurdering av situasjonen når mørket fell på.

Politiet har ingen spor etter 28-åringen. I tillegg så gjer vêrforholda og terrenget leiteaksjonen utfordrande.

– Vi gjer det vi kan mens det er lyst, så må vi vurdera å ta det over i ein ny fase når det blir mørkt, seier Tor Kristian Olsen, innsatsleiar frå Kvinnherad lensmannskontor.

Olsen ber folk på Varaldsøy sjekka hus, kjellarar og uthus.

Politiet går ut med namn og bilde 

Ulike etatar og grupper er utover dagen komne med ferja til Varaldsøy for å fortsetta leiteaksjonen som starta torsdag kveld. Sivilforsvaret, Røde Kors og hundepatruljar frå Norsk redningsteneste deltek. Det blir også søkt med båt langs strandlinja.

Natt til fredag har eit tredvetals personar frå Kvinnherad Røde Kors leita i løpet av natta, saman med tre hundepatruljar, redningshelikopter og båt.

Privatpersonar som bur på Varaldsøy har òg delteke i leiteaksjonen.

– Det er små forhold på øya, og vi har vore i kontakt med mange allereie. Men om fleire har sjanse og ønskjer å bidra i leiteaksjonen, kan dei kontakta oss på lensmannskontoret, så skal vi guida dei vidare, fortel Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor.

– Vi begynner på ein måte på «null» igjen no når vi får dagslys, og kjem til å søka i dei same områda vi har søkt i. I tillegg utvidar vi søket, sa Fosse til Kvinnheringen fredag morgon.

Saka er henta frå Kvinnheringen

Artikkeltags