Sjå video av den flotte blåfargen på vatnet

Artikkelen er over 1 år gammel

Jens Ripel har laga ein video fra Blådalsvassdraget som viser kor vakker naturen i Kvinnherad kan vera.

DEL

KVINNHERAD: Videoen visar smeltevatnet sin vandring frå Folgefonna til Matrefjorden. Den er teken opp når alle magasina er fulle og det er kraftig smelting frå Folgefonna.

– Eg filma vassdraget i haust då alle magasina rann over og det var kraftig smelting frå fonna på grunn av mildvêr og regn. Då kjem den flotte blåfargen på vatnet. Det kan det vera mange år mellom kvar gong det skjer. Mange av dei gamle fossane kjem til syne. Ikkje minst eit par fossar ned mot Indre Matre som dei færraste veit om, opplyser Ripel.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken