- I aller beste meining

Otto Benjaminson og Marit Elisebet Totland har reagert på ordføraren sin handlemåte, men tok jul med eit smil i går.

Otto Benjaminson og Marit Elisebet Totland har reagert på ordføraren sin handlemåte, men tok jul med eit smil i går.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

- Ja, det gjekk kanskje litt fort føre for seg, men eg gjorde det i aller beste meining, sa ei audmjuk Synnøve Solbakken i kommunestyret torsdag. Ho hadde vore klar på at ekstrarekningen på 700-800.000 kroner skulle inn i budsjettet.

DEL

KVINNHERAD: Fleire politikarar har reagert på pengebruken i samband med det pågåande arbeidet ved Husnes kyrkje, og har etterlyst grunnlaget ordføraren handla på. KrF-politikar Otto Benjaminson er ein av dei som har reagert aller mest.

I går følgde både partikollega Marit Elisebet Totland og Ole Torbjørn Holmedal frå Frp opp og etterlyste informasjon om saksgangen.

Prinsipp

– Vi må halda fast på prinsippet om at Kvinnherad kommune skal styrast etter politiske vedtak, ikkje noko anna, sa Totland.

Totland meinte saka var så pass alvorleg at kontrollutvalet måtte sjå på det som har skjedd. Det er viktig å få klarlagt kva handlingsrom ordføraren har, sa KrF-representanten. Ho fekk heile kommunestyret med seg på eit forslag om avklaring av framtidig framgangsmåte.

Synnøve Solbakken sa at ho på ingen måte ville gå i forsvarsposisjon, men ba om forståing for at ho hadde gått ut over fullmaktene sine i aller beste meining. Ho hadde òg ein klar tanke om at ekstraløyvinga skulle takast med i budsjettet for 2010. Og slik er det blitt.

Høgare standard

– Eg såg på det som ei svært god sak at standarden på parkeringsplassen ved kyrkja vart heva betrakteleg, forklarte Solbakken i kommunestyret. Nivået på prosjektet har svinga frå ein vanleg asfaltert parkeringsplass til noko langt finare. Og slik eg har oppfatta det politiske miljøet, var det ikkje det første alternativet vi hadde tenkt oss.

Så når Regjeringa sin tiltakspakke kom, fekk vi mulighet til å heva standarden til det nivået vi hadde tenkt oss, sa Solbakken.

– Men eg vedgår at ordføraren har gått ut over fullmakta si, og hadde det litt travelt i denne saka. Det seier eg meg lei for, avslutta Solbakken.

Mandat

– Vi er ikkje i tvil om at ordføraren har handla i aller beste meining i denne saka, men dette handlar om demokratiforståing, og om kor langt mandatet til ordføraren rekk, sa Marit Elisebet Totland til slutt på årets siste kommunestyremøte.

Eit samrøystes kommunestyre slutta seg til forslaget frå KrF om å førebu ei sak for å få avklart framtidig framgangsmåte og handlingsrommet til ordføraren og administrasjonen i høve til lovar og reglar.

Sekretariatet i Kontrollutvalet skal vera sakshandsamar for saka som kommunestyret vil ha opp snarast råd.

Artikkeltags