Her søkjer dei etter den sakna amerikanaren i elva

Leitemannskap ute i felten for å gjera overflatesøk etter den sakna amerikanske turisten. (Mobilfoto: Håvard Røyrvik).

Leitemannskap ute i felten for å gjera overflatesøk etter den sakna amerikanske turisten. (Mobilfoto: Håvard Røyrvik).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

KVINNHERAD: [KVINNHERINGEN:] 57 år gamle Marvin Lee Judy Jr., også kalla Mark, er framleis sakna i Kvinnherad. Opplysningane politiet jobbar ut frå, er at den amerikanske turisten sjekka ut frå Rosendal Fjordhotell om morgonen laurdag 26. august, og at han sannsynlegvis gjekk til fjells. Sidan har ingen sett han.

Onsdag utvida politiet søket etter mannen ytterlegare, og fekk bistand frå både Kvinnherad Brann og redning og 15 personar frå Røde Kors Hjelpekorps til søk i elva i Rosendal, og ved Hattebergsfossen.

– Vi søkjer no langs elva frå Muradalen og tilbake mot sjøen. Det er lurt å gjera det no, medan vasstanden i elva er låg, for til helga er det meldt regn igjen. Mange frivillige har gått i fjellet sidan vi gjekk ut og bad om hjelp til å leita, nokon har også hatt med seg kikert. Engasjementet er stort, og det er flott at folk stiller opp og hjelper til. Det er vi heilt avhengige av når søkjeområdet er så stort, seier lensmann Jan L. Fosse.

Det var førre veke at politiet i Kvinnherad fekk ei bekymringsmelding frå den amerikanske ambassaden, etter at den amerikanske mannen ikkje returnerte til heimlandet som planlagt 28. august. Bilen han hadde leigd i ergen blei funnen i Rosendal, og det var der mannen sist blei sett. Han er 1,80 høg, har gråbrunt hår, og blå auge.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen

Artikkeltags