I dag slepp Bjarne (18) debutalbumet han har jobba med i fire år

Rappar Bjarne «Crystal Tears» Trondsen frå Valen gir i dag ut sitt første album med 11 låtar, som han har kalla «Depress». – Eg er meir nervøs for mottakinga enn eg trudde eg skulle vera, fordi det er så personleg, fortel han.

Rappar Bjarne «Crystal Tears» Trondsen frå Valen gir i dag ut sitt første album med 11 låtar, som han har kalla «Depress». – Eg er meir nervøs for mottakinga enn eg trudde eg skulle vera, fordi det er så personleg, fortel han. Foto:

Av

Gir ut album han laga då han gjekk gjennom kva han sjølv skildrar som «helvete».

DEL

KVINNHERAD: Bjarne «CT» Trondsen (18) frå Valen er etter det Kvinnheringen kjenner til den første og einaste rapparen i Kvinnherad. Etter at han skreiv to-tre låtar i 2013 fann han ut at han ville laga eit album, og no har han nådd målet sitt. Debutalbumet hans med 11 låtar har fått namnet «Depress», og blir gitt ut på Hearttales Records – plateselskapet Trondsen starta med kameraten Azad Lona Altinpinar i fjor.

– Eg er nøgd med albumet, men samtidig sjukt nervøs, fordi det er så personleg. Musikken er veldig dyster, så eg er litt redd for kva folk kjem til å tru om meg. Eg har vore i helvete, men no har eg vore frisk i to-tre år, og det trur eg er mykje på grunn av dette albumet. Eg vil at folk skal høyra musikken, og så møta meg og sjå at eg er glad – eit lukkeleg menneske. Det vonde går over, smiler Trondsen, som rappar under namnet «Crystal Tears», eller berre «C-T».

Mørkt

Han seier musikken han lagar er vanskeleg å definera sjangermessig, fordi ingen har gjort det før:

– Musikken er veldig alternativ, med ein miks av mykje forskjellig. Rapstilen min har dessutan utvikla seg mykje desse åra. Draumen min er å laga ein eigen sub-sjanger innanfor hip hop. Introen på albumet er til dømes ein såkalla «skit», ein dialog der eg snakkar og fortel om eit anfall, og at eg plutseleg er på eit sjukehus og snakkar med ein lege. Etter det er du inni hovudet mitt, og då skriv eg den første låta «Sorrow».

Trondsen seier lyttarane må «lesa mellom linjene» når dei høyrer låtane hans, for mange av historiene kan tolkast på fleire måtar.

– Nokre av historiene er dryge, og ting som ikkje ein gong mine nærmaste har høyrt før. Det blir veldig mørkt på slutten, når eg rappar om ein psykose. Eg var så redd døden at ting begynte å skje med meg som ikkje var verkelege. Den siste låten er psykedelisk, varar i åtte minutt, og er ei blanding av metallfunk og rap. Albumet blir avslutta med ein ny skit, forklarar Trondsen.

Sjølvterapi

Mange har bidrege til albumet, blant andre kameratar og musikarar som Joakim Eldholm frå Utåker, Azad Lona Altinpinar frå Osterøy, og produsent Christian Eide frå Oslo.

– Korleis kjennest det no å endeleg vera ferdig med albumet?

– Det er veldig rart. Det har hengt over meg så lenge, eg er så vand med å vakna om morgonen og tenkja på albumet. No kjenner eg meg nesten tom innvendig.

Den unge rapparen er ikkje i tvil om at motgangen han har opplevd har gjort han sterkare:

– Målet då eg begynte å skriva musikk var å laga ei låt om alt som har drege meg ned, gi den ut, og aldri sjå meg tilbake. Det er nok grunnen til at albumet har vore som terapi for meg. Ein blir meir reflektert over det som skjer i sitt eige hovud når ein skriv låtar, det blir som å snakka med ein psykolog, og få det ut av systemet. Både læraren min og Leo Ajkic sa til meg at viss nokon seier imot deg, så er det berre å fortsetja, det betyr berre at du gjer noko rett.

Trondsen fortel at han planlegg eit nytt album, men at det blir på sikt.

– Framover vil eg laga musikk for andre, låtar som berre skal lyttast til, der ein slepp å analysera innhaldet. Det neste prosjektet mitt skal vera skikkeleg hip hop.

Saka er henta fra Kvinnheringen.

Artikkeltags