Bilulykke i Dimmelsvik

DEL

KVINNHERAD [KVINNHERINGEN]: Rundt kvart over tre blei det meldt om ei bilulykke i Dimmelsvik, nær Kvinnherad Energi. Alle naudetatane rykte ut til ulykkesstaden.

Først gjekk meldinga ut på at ein bil hadde køyrt i fjellveggen, men det viste seg at føraren skal ha køyrt opp på ein kant slik at bilen velta og låg på sida i vegbana, melder Vest politidistrikt sin operasjonssentral.

Føraren, ein mann i 50-åra, var åleine i bilen og var bevisst etter ulykka. Han kom frå det utan store skadar, og blei teken med til legevakt for sjekk. Politiet mistenker promillekøyring.

Trafikken blei omdirigert opp i dalen medan etatane jobba på ulykkesstaden.

Artikkeltags