Amerikansk turist framleis sakna – politiet ber turgåarar om hjelp

Mannen til venstre er framleis sakna, og blei sist observert i Rosendal, etter det politiet kjenner til.

Mannen til venstre er framleis sakna, og blei sist observert i Rosendal, etter det politiet kjenner til.

Politiet går no ut med namnet til den sakna amerikanaren, og ber turgåarar, jegerar og sauesankarar om hjelp til å leita og å sjekka turbøker.

DEL

Full tilgang: H-avis+, eavis og Rix – 5 kr for 5 uker

[KVINNHERINGEN]: Politiet i Kvinnherad leitar no etter 57 år gamle Marvin Lee Judy Jr., som også går under kallenamnet Mark. Den amerikanske mannen er 1,80 høg, har gråbrunt hår, og blå auge. Fleire personar snakka med han i Rosendal laurdag 26. august, og den morgonen sjekka han ut av Rosendal Fjordhotell. Politiet er no ganske sikre på at mannen skulle gå tur i Rosendal, og den siste sikre observasjonen av han tilseier at han kan ha vore ikledd liknande tur- eller treningsklede som på bildet.

Torsdag ettermiddag søkte eit politihelikopter i området Malmangernuten, Muradalen, Skjethaug og Skålafjell mot Kjeldestøl utan å gjera funn. Helikopteret har gode instrument til å søka med, men det er framleis mykje lauv på trea. Politiet håpar turgåarar eller andre som går litt utanom dei merka stiane, til dømes jegerar og sauesankarar, ser seg ekstra godt rundt – gjerne i nærleiken av elvar og liknande.

– Området han kan ha gått i er så stort at vi må prøva å avgrensa søkeområdet. Viss du skal på tur dei neste dagane blir vi veldig glad om du ser i turbøkene rundt om kring. Finn du namnet til den sakna amerikanaren eller kallenamnet Mark i tidsperioden 25.–27. august, er det flott om du tar bilde av sida i turboka med mobilen og tar kontakt med politiet. Dette vil hjelpa oss veldig, seier lensmann Jan L. Fosse.

Politiet er elles interessert i alle tips om amerikanaren, og vurderer no korleis ein eventuelt skal leita vidare etter han. Kvinnherad lensmannskontor fekk ei bekymringsmelding frå den amerikanske ambassaden, etter at mannen ikkje returnerte til USA. Mannen kom til Bergen 23. august, og har vore rundt om kring på Vestlandet og mot Sogn og Fjordane. Han køyrde ein leigebil frå Avis.

Har du informasjon til politiet kan du ringa telefonnummer 53483800 eller 02800.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen

Artikkeltags