Skifer sprengde budsjettramene

Flemming Hansen og Jon Omundsen jobbar med å legga ned skiferen.

Flemming Hansen og Jon Omundsen jobbar med å legga ned skiferen.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Prisen på parkeringsplassen auka med 800.000 kroner etter pålegg frå ordføraren.

DEL

KVINNHERAD: I budsjettet for 2010, som skal til formannskapet i dag, ligg det inne ein post for inndekning av pålegg, i tillegg til politiske vedtak, på 1,35 millionar kroner.

I saksutgreiinga heiter det at «Standard og kvalitet på parkeringsplassen ved Husnes kyrkje er blitt heva, noko som har auka kostnadene frå 3,50 til 4,85 millionar kroner.»

Ikkje nøgd

– Ordføraren var ikkje nøgd med standarden på parkeringsplassen utføre kyrkja. Då retta me oss etter det, og sidan arbeidet med opprustinga av området allereie var i gang var det ikkje tid til å venta på politisk handsaming, og me sa at ordføraren fekk sørga for at det blir politisk godkjent i rette fora, seier kommunalsjef Kjell Odd Nygård.

Han hevdar imidlertid at dei 1,35 millionane som står oppført som ekstrakostnad i budsjettet er eit feil tal, og at den reelle kostnadsauken av pålegget frå ordføraren er på 800.000 kroner.

– Men kva om det ikkje blir politisk fleirtal for denne kostnadsauken?

– Dersom det politiske fleirtalet seier nei til dette, då har nokon eit problem her, seier Nygård.

Feil steinsort

Ordførar Synnøve Solbakken stadfestar at ho ikkje var nøgd med kvaliteten på parkeringsplassen, og difor gav beskjed om å nytta dyrare materiale.

– Reknar du med at dette blir godkjent politisk, ordførar Synnøve Solbakken?

– Det er lagt inn i budsjettet, og det er lagt inn midlar til det i budsjettet. Eg er heilt sikker på at formannskapet og kommunestyret står ved det som har vore planlagt tidlegare, så eg vonar sjølvsagt dette går gjennom. Me har tidlegare sagt at me skal ha ein viss standard på parkeringsområdet utføre Husnes kyrkje, og har utsett arbeidet med dette for at me skulle få den standarden me ynskte når me først skulle gjera det, seier Solbakken. Når tiltakspakka frå regjeringa kom, blei det sett av 3,5 millionar kroner. Det var òg snakk om at Sør Norge Aluminium skulle bidra med midlar, utan at det var lova noko, men slik situasjonen har blitt for dei, blei ikkje det noko av. Men me har heile tida sagt at me skal ha ein god kvalitet på området, seier Solbakken.

Så viste det seg, ifylgje Solbakken, at det var bestemt å legga ned ein slags beleggingsstein i staden for skifer på deler av parkeringsplassen.

– Der var skiferen teken vekk, og det var ikkje det som var avtalen frå starten av. Der skulle det vera skifer. Det er no byta ut og lagt inn i budsjettet, seier Solbakken.

Ho legg til at heile prosjektet har vore dyrt, men at utsetjinga av arbeidet har vore for å få råd til den standarden som var tenkt i utgangspunktet.

Artikkeltags