Straumen vekke på Halsnøy

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Folk som bur mellom Tofte og Ranavik er no utan straum. Mannskap frå Kvinnherad Energi er på veg for å sjekka opp i skadane.

DEL

KVINNHERAD: Ekstremvêret «Urd» har no ført til straumbrot på Halsnøy, mellom Tofte og Ranavik. Kvinnherad Energi har overordna vakt for Fjelberg kraftlag, og vakthavande Stig Klette seier at mannskap er på veg for å sjekka kva som er årsaka til straumbrotet.

– Truleg er det kombinasjonen av sterk vind og mykje regn som er årsaka til at straumen er vekke.

– Er det trygt for mannskapet å jobba ute i stormen?

– Mannskapet har vore ute ei vinternatt før, og gjer heile tida eigne tryggleiksvurderingar. Dei risikerer ikkje liv og helse, men vi gjer det vi kan for at abonnentane skal få straumen tilbake. Det kan også vera aktuelt å dela opp nettet, slik at einskilde abonnentar får straumen tilbake.

Mannskapet skal no vurdera skadene, og om det er råd å retta problema i kveld.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken