Jordbruksforhandlingane er i gong. Norsk landbruk står ved eit vegskille. Framtida både for bønder og for distriktslandbruket står på spel.

Samfunnet har lenge stilt krav til landbruket, både når det gjeld effektivisering, kor store bruka er, og korleis dyr skal ha det i fjosen. Endring kostar. Ein treng større maskinar med høgare kapasitet, nye bygningar som passar til nye krav, eller fleire dyr for å få auka inntekta si. Mange av dei som har satsa dei siste åra sit med høg gjeld og ser mørkt på situasjonen for landbruket akkurat nå. Unge kvir seg for å ta over gardsbruk. Det kostar mykje å ta over gardar som har investert og er tilpassa dagens krav. Andre gardar har venta med oppgraderinga. Då er det dei unge som skal ta over som må investera og byggja, i tillegg til det å kjøpa garden. Det er vanskeleg for mange som vil driva landbruk å skaffa pengene som blir krevd.

I tillegg er det vanvittig dyrt å være norsk bonde nå! Gjødselprisane har løpt løpsk, og det same har strømprisane, drivstoffprisane og materialkostnadane. Samstundes er det varsla auka renter i tida framover. Utgiftene har blitt store for mange.

Den urolege situasjonen i Europa og i verda gjer at me må produsera så mykje mat me kan så nær oss som vil eta som mogeleg, altså her i Norge, i Rogaland og i Tysvær.

Noko av det me treng for eit godt liv er så viktig at den norske staten tar eindel av kostnadane for innbyggarane. Det gjeld bl.a. helse, utdanning, transport, presse og mat. I Norge forhandlar landbruket direkte med staten og inntektene til bøndene er regulerte gjennom resultatet av jordbruksforhandlingane. Det blir bl.a. sett tak på kor mykje bøndene kan få for varene dei produserer. Når utgiftene går opp kan ikkje bøndene kompensera med å setta opp prisane.

KrF støttar bøndene sine krav i landbruksforhandlingane. Det er vikteg at me held oppe matproduksjonen. Fleire bønder lurer på om dei skal legga ned eller redusera drifta. Det er rekordlåg arbeidsløyse i Rogaland no. Bønder er allsidige og har få vanskar med å få seg anna arbeid. Det er driveplikt på landbrukseigedommar, men den kan ein oppfylla sjølv om ein produserer mindre enn før.

Debatten om norsk landbruk er altfor viktig til å bli redusert til eit politisk spel. Det krev handling frå politikarane. Bønder, unge og eldre, treng løn å leve av og håp for fremtida - for at nokon skal vera villige til å satse på landbruksyrket må me sjå tydelig inntektsvekst og reduksjon av inntektsgapet.

Ekstraordinære utgifter krev ekstraordinære tiltak. Nå må bøndene få ein garanti om at det snart vil komma ekstraordinær utbetaling for å avhjelpa likviditetsutfordringane mange bønder står i.

Det er nå det gjeld. Me treng eit sterkt landbruk i heile landet! Spesielt i ei tid der me ser kor viktig den norske bonden er for matberedskapen i landet vårt. Det må ikkje tas for gitt!