På papiret er leiken på veg inn i skulen igjen, og me må syta for at det også skjer i praksis.

Leiken i skulen har i lengre tid vore trua. I 1997 vart 6 åringens siste barnehageår gjort om til skuleår. Det som skulle vere ein mjukare overgang frå barnehage til skule vart fort ein arena med fokus på læring og undervisning.

I 2013 kom Barnekonvensjonens artikkel 31 om barns rett til leik, fordi leiken i auka grad var trua. Der leiken på mange måtar har vore meir eller mindre ute av skulen så har den no, i den nye fagfornyinga, formelt sett blitt tatt inn i skulen igjen. Noko som betyr at leiken skal vere ein del av skulen sitt oppdrag. Sjølv om leiken ser ut til å få ei større rolle no, opplever me eit einsidig og aukande press på læring i skulen. Det gir oss ei uro knytt til leiken sin eigenverdi og korleis oppdraget «leik» i fagforfornyinga i skulen vert forstått og praktisert.

Det er ikkje berre i skulen at leiken er under press, me ser det også i barnehagen. Dette til tross for at den norske barnehagetradisjonen vektlegg leik. Professor Anne Greve frå OsloMet gjestar Høgskulen på Vestlandet sine forskingsdagar 27. september, der ho saman med andre sentrale forskarar frå barnehagefeltet vil løfte fram betydninga av barnehagelæraren sitt mandat i ei tid der leiken og profesjonen er under press.

Greve er tydeleg på at leikbasert læring ikkje er leik, men opplæring. Barn kan oppleve det som kjekt med leikande ferdigheitsoppgåver, men det kan ikkje definerast som leik. I barnehagen sine styringsdokument står det at læring, utvikling, livsutfalding og leik skal skje på barna sine premisser. Leik er frivillig, leik er drive fram av borna sjølv og leik har ingen førehandsbestemt retning eller mål. Dette er leiken si store utfordring. Me veit at leik fører til læring, gir meining til barna sine liv her og no, er viktig for barna si sosiale utvikling, men det er umogleg å måle effekten av den. I vårt kunnskapssamfunn, kor alt skal målast i kroner og øre blir leik for leikens skyld ein stadig større tapar.

Leiken sin eigenverdi må difor i enda større grad løftast fram i lyset sånn at våre kommande profesjonsutøvarar i barnehage og skule vert bevisst leiken sin eigenverdi og at den ikkje er sjølvsagt, sjølv om den har sin rett på eit stykke papir.