Gå til sidens hovedinnhold

leserinnlegg om nedlegging av små skulane i Sveio

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Avlive bygdene til fordel for ny symjehall og idrettshall i Sveio sentrum?

Same tid som det blir lagt fram planer om nedlegging av skulane kjem det opp sak om å bygge ny idrettshall og symjehall i Sveio sentrum. Er det ein samanheng her? Og kva med det digitale frukostmøtet der dei vil prøve å få auka bulysta i Sveio? Etter at me har høyrt argumentasjonen til dei som ønsker å legge ned småskulane i Sveio blir me utruleg skuffa. Det er ikkje slik me har opplevd åra våras på Auklandshamn skule, for me hadde det superkjekt, fekk mange gode venner og alle kjente alle. Skulen vår er kanskje ikkje så stor, men det har berre gjort forholdet mellom elevane og lærarane ennå betre, og me lærte mykje. Vær så snill å høyr på oss ungdommar frå Auklandshamn!

Reiseveg

Me er veldig bekymra for alle dei små barna som skal stå langs denne smale vegen å venta på buss (ein buss som ikkje alltid kjem, dette har me erfaring med, men då var me heldigvis eldre 13-14 år). Vegen er dårleg belyst mange stader, og mange kan bli redde medan dei venter på bussen. Krava som blir stilt til 5-6 åringar blir også veldig store. Bussen ventar ikkje viss ein person er 1 minutt for sein, dette kan føre til at små barn ikkje kommer seg på skulen. Me kan ikkje førestille oss korleis det er for ein 5-åring å stå åleine i mørket og vente på ein buss som allereie er køyrd. Meinar politikarane og administrasjonen i Sveio verkeleg det er bra at småbarn skal få så lang bussreise for å komme seg til og frå skulen? Reise 600 mil på eit skuleår. Ein time på buss dagleg blir til saman 8 døgn i løpet av skuleåret. Dei aller fleste her bur nær Auklandshamn sentrum, og kan faktisk gå eller sykle til skulen, dette gir god helse og er bra for miljøet!!!!

Trygg overgang frå barnehagen og god fagkompetanse på Auklandshamn

Me hadde ein trygg og god overgang frå barnehagen på Bua til Auklandshamn skule. Me treng den gode og trygge skulen vår, der me har hatt det godt og lært mykje. Me har klart oss like bra som dei som går på Sveio og Førde, både sosialt og fagleg vil me hevda; Skulen er BRA! Me fekk venner både gutar og jenter i fleire klassetrinn, og me kunne ha bestevenner som var to å yngre eller eldre, noko me meinar betra vår sosialkompetanse. Alt dette hadde aldri vert mogeleg utan gode lærarar som ser kvart enkelt og skapar eit trygt læremiljø.

Uttalane som er sendt inn viser at det framleis er slik, elevane trivst og har god læring, og lærarane fortel om godt fagmiljø. I desse pandemi-tider med digitale møter er det vel ingen problem for lærarane å samarbeide på tvers av skulane på Teams, om dei treng eit større fagmiljø.

Alt som er sendt inn, alle lesarinnlegga og demonstrasjonen viser kva innbyggarane meiner og ynskjer. Barna seier tydeleg ifrå kva dei meinar, og det er tross alt dei ei evt nedlegging går utover

Symjehall og idrettshall i sentrum

Forslaget kjem på same tid som dei vil spare pengar ved å legge ned småskulane. Kva er agendaen, eit levande sentrum? Me er ikkje imot ei god utvikling i Sveio sentrum, men me meinar det ikkje skal gå utover dei sårbare og minste barna i kommunen vår. Me er ikkje imot Sveio sentrum, men imot sentralisering! Me forstår ikkje at det skal byggast nytt basseng når me allereie har eit brukande basseng, og det er kort avstand til Tysværtunet. Kva skal me med idrettshall når me allereie har så stort kunstgrasbane og grasbane + Vigdartun? Dette kan jo sjølvsagt være bra dersom kommunen har økonomi til det, men her ser det ut til at økonomien er dårleg når ein må legge ned to skular for å finansiere dette. Og kva kostar det eigentleg å oppgradera Førde skule for å få plass til så mange ekstra elevar?

Levande bygder?

Er det ikkje litt rart å sende ut ein invitasjon til digitalt frukostmøte med tanke på og auke bulysta i Sveio, midt i prosessen med nedlegging av to skular? Kva skjer ved nedlegging? Argumentasjonen til dei som vil legge ned, er at bygdene kjem til å leve vidare, dei samanliknar med Bua og Lid som også har mista skulane sine. Men Auklandshamn og Valestrand er over dobbelt så lang avstand frå Sveio sentrum som desse bygdene. Og Auklandshamn og Valestrand har både skule, barnehage, butikk, idrettslag og andre organisasjonar som driv fritidsaktivitetar for barn og ungdom i bygdene, så dette kan ikkje samanliknast!

Mange kjem tilbake

til bygda når dei har fått barn og vil etablere seg. Det ønsker me også, etter at me har studert og fått familie. Visst me skal bu i Sveio kommune, er Auklandshamn den einaste plassen me vil bu. Her har me alt me ønsker oss; både skule, butikk, fritidsaktiviteter, ballbinge, tennisbane, god plass, sjø, fiskemoglegheiter og flotte turområder.

Det har vore vanskeleg å få tak i fine tomter å bygge hus på, men nå skal det endelig komme flotte utsiktstomter for sal her i Auklandshamn. Men så ønsker plutseleg administrasjonen og mange av politiakarane å legge ned skulen. Skal dette bli hyttetomter då?

Kven vil bu her om det ikkje er skule, ingen fritidsaktiviteter og ingen butikk (også denne vil truleg bli nedlagt) ? Ikkje me iallefall. Å bu i Sveio sentrum er ikkje eit alternativ for alle. For å oppretthalde bygder som er attraktive å flytte tilbake til er nærskulen viktig. Konsekvensane av nedlegging blir då å busette seg i ein anna kommune, er det det politikarane ønsker?

Er dette eit forsøk på avliving av bygdene? Ønsker politikarane ein hyttekommune?

Kommunen ønskjer kanskje ikkje skatteinntekter frå oss? Men...om me etterkvart får oss ei hytte her så får dei kanskje litt eigedomsskatt, om ikkje den også er fjerna då?

Kjære politikarar, kjære kommunestyre høyr på oss ungdommar. Det er tross alt me som er framtida!

Med vennleg helsing ungdommar frå Auklandshamn:

Marthe Ljøen, Iselin Helgesen, Maria K Økland, Eirik Stølsvik Løvik (f-03), Christian Naustvik Økland, Mathilde Økland, Vilde Økland Lehmann, Aurora Ingebrigtsen, Rebekka Jacobsen, Oliver Stakkestad, Ida Sofie Bauge (f-02), William Ingebrigtsen, Håkon Økland Lehmann, Julie Søfteland, Thea Bjelland(f-04), Malin Helgesen og Guro Rolfsnes Hardeland (f-01)

Kommentarer til denne saken