Har ikkje ferdafolket nokon rettigheiter når dei førehandstingar billettar på Kystbussen?

Av
DEL

MeningerOpe brev til leiarskapet for Kystbuss

Med bakgrunn i ei hending den, 23.02.19 på Leirvik Bussterminal, der ferdafolket sto og venta på Kystbussen.

Kystbussen har avgang etter rute frå Leirvik kl. 21.00 til Stavanger via Aksdal. Underteikna var der for å venta på at Kystbussen skulle koma, men bussen  var fråverande etter ruteplanen.  Når klokka vart 21.10 ringde eg Kystbussen sin vakttelefon, som då kunne opplysa om at bussen var ein halv time forsinka, dvs. kl. 21.30, då eine ferja frå Halhjem var innstilt, grunna teknisk feil.

Eg gav desse opplysningane vidare til dei ferdafolka som stod og venta på Leirvik. Og når desse fekk denne opplysninga, var det ei «utanskjers» kvinne som snakka norsk forståeleg, som openbert vart nokså fortvila for denne situasjonen, dette på grunn av at ho skulle rekka Haukeliekspressen frå Aksdal kl. 22.40 til Austlandet, samt at ho hadde førehandsbetalt for heile turen.

Med dei opplysningane kvinna gav meg, ringde eg sjølvsagt tilbake til den sittande Kystbussvakta i Haugesund og medelte han om kvinna sin situasjon. Denne vakta var openbert likegyldig til dette problemet, slik underteikna fekk inntrykk av med at han svarte at det var ikkje Kystbussen sin feil at det var innstillingar ferjene. Eg føreslo at dei kunne bruke anna transportmiddel for at kvinna skulle nå Haukeliekspressen, som eks. drosje, detta var uaktuelt svara vakta.

Bussen kom til Leirvik kl. 21.23. Og kvinna blei ikkje mindre fortvila då bussjåføren ikkje kunne garantera at ho ville nå Haukeliekspressen. Når så kvinna spurde sjåføren: «får eg bruka førehandsbetalinga eg har gjort med ditt buss-selskap i morgon då?, for eg har leilegheita mi her på Stord, dette sidan eg ikkje andre mogelegheiter til overnatting om eg ikkje når Haukeli -ekspressen».

Nei, sjåføren kunne ikkje gi kvinna nokon garanti om at ho kunne bruke si førehandsbetalte reise neste dag. Sjåføren var så openbert stressa i situasjonen at det blei rett formidabelt å anskue heile situasjonen.

Eg meiner at ein skal kunna forlanga av profesjonelle sjåførar at dei skal kunna takla slike situasjonar, samt vere meir informative og korrekte ovanfor passasjerane som openbert har behov for hjelp!

Men når slike hendingar som dette skjer, vil eg meina at ein kan også førast tilbake til leiarskapet i Kystbussen?

Underteikna meiner hovudansvaret openbert ligg hos ferjeselskapet, men sidan det er to selskap som frakter ferdafolk bør dei ha eit felles mål: Det at ferdafolket skal føle seg trygge på at selskapa gjer sitt beste, med å få dei trygt og sikkert fram til den staden dei skal, og då ser eg det som naturleg og fornuftig at buss/ferje-selskapa koordinerer dette, sia dei er selskapa som møter folket langs rutene. Med at Ferjeselskapet har laga til kostnader for den andre, i dette tilfelle buss-selskapet vil da vere naturleg at dei krev tilbake det dei har lagt ut. Dette må byggjast på godt samarbeid må ein vita ... om ein har evne og vilje til det?

Hordaland Fylkeskommune, ved samferdselsavdelinga som gir ut konsesjon til disse to selskapa, vil eg tru har sett krav og retningslinjer. Men om ein skal vurdera detta utifrå denne hendinga som eg viser til, så kan ein tenke seg at dette har blitt utelét?

Og da får ein håpa på at Fylkeskommunen som gir konsesjonen med dette, med kan gi eit informativt svar som byggjer informasjon kva krav ferdafolket har mellom disse to fylka når slike hendingar oppstår. Om denne kvinna nådde Haukeliekspressen, vil eg tru må vere som å vinne ein stor Lotto gevinst.

Eg vil nytte anledninga til å understreka at Kystbussen, har og er flinke til vareta dei reisande når bussen eks. ikkje har plass til fleire reisande, noko blant anna drosjenæringa har nydt godt av. 

Stord, 31.03.19

Kjell Larsen    

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags