No er tida for å tenkje på skulegudstenestene

Skolegudstjenester.no er ein lettfattelig kjelde til regelverke om gudstjeneste i skuletida.

Skolegudstjenester.no er ein lettfattelig kjelde til regelverke om gudstjeneste i skuletida. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevDette er ikkje tida kor dei fleste skular har gudstenester i skuletida. Det skjer stort sett kring jul, påske og pinse. Men no er tida for kommunane til å vurdere om skulane følgjer dei forpliktingane dei har når dei vel å la den lokale kyrkja invitere til gudstenester i skuletida.

Dette vert kanskje opplevd som feil tid på året eller som brysamt? Det er eg innforstått med, men det er nettopp difor eg vil at kommunane skal sjå på dette no. Det er nemleg no ein kan vurdere dette på ein god måte. Soleis slepp kommunane, skulane og fylkesmannen klagesaker når vi nærmar oss riktig tid på året.

Human-Etisk Forbund i Hordaland har kartlagd religionsutøving i skulen og sjølv om dette er ei undersøking av tilhøva i bergensskulane, så mistenker eg at det er fare for at vi finn tilsvarande også her i regionen. Det er særs sannsynleg at det går føre seg mange overtramp i skulane i høve gudstenester i skuletida, undervisingsopplegg, eller at skulane manglar medvit kring det at Den norske kyrkje kun er eitt av mange trussamfunn.

Når det gjeld gudstenester i skuletida har vi eit klart regelverk med krav som må vere møtt før skulen kan la elevane delta på gudsteneste i skuletida. Ifølgje leiaren for Utdanningsdirektoratet er regelverket lett å følgje. Likevel er det mange skular landet over som ikkje gjer det. Mellom anna må ein gi ut informasjon i god tid, også om innhaldet i det alternative opplegget, ein må ha eit alternativt opplegg klart før invitasjon og informasjon vert sendt ut, gudstenesta kan ikkje ha noko med RLE-faget å gjere, og det alternative opplegget må vere godt og likeverdig den kulturelle og religiøse happeningen det faktisk er å gå i kyrkja for dei kristne elevane. Det er også viktig å tenkje på korleis eventuell øving fram mot dette arrangementa går føre seg. Det same regelverket gjeld nemleg der også.

Dersom kommunen ønsker at skulane skal følgje lovverket, respektere religionsfridomen til elevane og foreldra, samt sørge for at skulane ikkje er med på sosial stigmatisering av minoritetsbarn, så er det no på tide å sjå på dette. Det er no kommunen har høve til å be skulane forklare rutinane og opplegga sine slik at ein i større grad kan vere sikker på at alt er på stell i kommunane. Det er no skulane og kommunen har tid til å jobbe saman om gode ordningar slik at ein ikkje treng å stresse med dette i november og desember.

Det er også viktig at skulane svarar godt på spørsmål kring dette. Ein skule som berre svarer «vi følgjer regelverket» ville gitt meg eit ekstra insentiv til å sjå meir nøye etter.

Så la oss bruke den lange ventetida fram mot jul på ein fornuftig og konstruktiv måte. La oss få ein grundig gjennomgang av rutinane på dette området. På denne måten kan vi vere sikre på at skulane våre følgjer lova og at vi respekterer trusfridomen til alle elevar og foreldre.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags