Distrikta blør

Av
DEL

LeserbrevAt Sveinung Steinsland reagerer på innlegget mitt om nedlegging av skatteetaten er vel som venta. Sist eg sjekka Høgre sin politikk var det sentralisering og nedlegging i distrikta som var svaret på det meste. Får ein lagt ned og flytta det inn til sentrum, blir visst alt så mykje betre.

Betyr det at det som har blitt gjort av tenester i distrikta i dag ikkje er tilfredsstillande? At Høgre må spara penger for å kunne senke skattene til dei rikaste av oss er til lita hjelp for oss som bur i distrikta.

Statlege arbeidsplassar i distrikta er viktige for å halda oppe folketalet. Ikkje det at 2 stk arbeidsplassar er avgjerande. Men når ein ser kva denne regjeringa har sentralisert og flytta arbeidsplassar vekk, så ser ein eit negativt mønster. Men det er visst slik denne regjeringa vil ha det, dessverre.

Sveinung Steinsland står fram og forsvarar regjeringas politikk, og klagar på dei som styrer distriktskommunane. Han burde heller jobba for å styrka heile regionen, også dei kommunane som ligg eit stykke utanfor byen.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags