Gjennom eit langt liv har eg mange gonger undrast over manglande samsvar mellom forvaltninga sine mål, og dei verkemiddla som blir brukte for å oppnå eit ynskt resultat. Difor har eg stilt meg nokre spørsmål.

Her er nokre døme:

Ta for eksempel Terna som etter mi meining er vår vakraste sjøfugl.

Ho er nå i ferd med å verte utrydda av villmink og svartbak som plyndrar hekkeplassane hennar.

Likevel er svartbaken freda deler av året.

For å kunne jakte på mink kan ein ikkje nytta motordreve fartøy og ein må ha lov av grunneigar for å jakte i strandsona.

Dette er ei lite effektiv ordning.

Nå er rypa kome på raudlista.

Dette er det viltet som flest jegrar har glede av å jakte på.

Nå vil ein redusere jakta eller frede. Her har jakta lite innverknad.

Dersom det er smågnagarår kan rypebestanden gå fra null til kronår på ein sesong.

Dette på grunn av rovviltet beitar på smågnagerar.

Er det ikkje då innlysande at det er rovviltet som påverkar rypebestanden i størst grad?

Nå kjem laksen tilbake til elvane og fiske på drektig fisk kan starte igjen.

Ville det ikkje vore mest logisk å frede ein truga fiskebestand når den skal yngle?

Sjølv rovviltet er freda i yngletida. Ein fekk heller tillate fiske at når bestanden er vorten stor nok igjen.

Då må ein leggje til rette for at allmenheta fekk fiske då laksen er ein nasjonal ressurs.

For oss som skal produsere kortreist mat føles det nå som om rovviltet sitt liv er verdsatt høgare enn bondens.

Ein får ikkje drive aktiv og effektiv beskatning av rovviltet. Rovviltet får forsyne seg av vår lønningspose når dei måtte ynskje det.

Ville byråkraten, som har fått innført dette regelverket ha akseptert at nokon kunne ta ein tusenlapp frå hans lønningspose når dei måtte ynskje det?

Skal bonden betale prisen for at deler av felleskapet ynskjer å ha ei unaturlig høg rovdyrbestand?

Korleis trur ein at dette verkar inn på bondens motivasjon og glede ved sitt arbeid?

I tilleg snakkar ein om dyrevelferd. Kan byråkraten tenkje seg smerten ved å få ørneklør gjennom ryggen eller bli sliten i øyrer og hale av ein rev som jaktar?

I den seinare tid har ein fått drastisk nedgang i oljeinntektene.

Dette kan gjerne føre til at ein ser verdien og nytten av det som bonden produserar også.

I tillegg vil ein kunne sjå verdien av andre tradisjonelle næringar som jakt og fiske.

Ein må lære seg å sjå ting i eit lengre perspektiv og lytte til dei som er der skogen trykkjer.

Det ville vel ikkje vore feil om byråkratane løsna litt på slipsknuten sin slik at han fekk litt meir surstoff til hjernen.

Denne må ha vore for stram i lang tid når ein ser all den tullete forvaltninga som vert utført.