ODDA [Hardanger Folkeblad]: – Det minkar på snøen på Seljestad. Det er hardt på morgonen, men nydelege forhold utover dagen. Det er flott både i og utanfor løypene, fortel dagleg leiar i Seljestad og Røldal Løypeselskap AS.

Han seier at dei satsar på at det vert tråkking frå helga, sidan det er lite snø.

– I og med at det er så kaldt om natta, hjelper det veldig på. Alle er hjarteleg velkommen og må hugse parkeringsavgifta, seier Lægreid.

Dagleg leiar ved Røldal skisenter, Oddvar Bratteteig, seier at også der er det fine forhold.

– Det er greitt med snø per no, og alle heisar og nedfartar er opne. Det ser ut som det blir fine dagar framover med sol og blå himmel, seier han.

Bratteteig meiner det ser lovande ut for påsken, og fortel at skisenteret held ope kvar dag. Gjennom påsken vert det aktivitetar for alle aldrar i skisenteret, med til dømes praktisk bruk av skredsøkar og skileikrenn allereie palmelaurdagen. Odda IL Alpin står for skileikrennet, og skal og ha karnevalsrenn ved nybegynnarheisen på skjærtorsdag.

Hordatun, Røldalsterassen, Røldalsgarasjen og Solfonn skal og ha ulike arrangement og livemusikk gjennom påsken.

– Også er det mange kilometer med langrennsløyper oppkøyrt på Seljestad og i Røldal, seier Bratteteig.

Saka er henta frå Hardanger Folkeblad