[KVINNHERINGEN]: Totland får utmerkinga for ungdomsboka «Så lenge ingen ser oss». Ordknappen er eit heidersmerke som blir tildelt forfattarar eller illustratørar som har synt døme på korleis bøker kan bli utvikla til i større grad å nå ut til alle, også dei som slit med å lesa vanlege bøker.

– Ordknappen er eit bevis på at mottakaren med rette kan kalla seg «autorisert forfattarar/illustratørar for alle». Samtidig gir dei lesarane sine ein knapp å trykka på for å opna leseporten. Mottakarane har utført ei samfunnsnyttig oppgåve, til stor hjelp både for å fremja psykisk helse, lik rett til utdanning, og ikkje minst kulturelt demokrati. Alle skal ha lik rett til kulturoppleving og informasjon. Ingen skal vere utestengde frå gleda av å lesa ei god bok, står det å lesa om Ordknappen.

Totland mottar utmerkinga i lag med tre andre forfattarar/illustratørar i år.