(Hardanger Folkeblad:) – Det vi har sett på er kontorlokale. Det er plass til 22 kontor, samt gode møtelokale, konferanserom og kantine. I tillegg har vi plass til rundt 100 bilar utanfor, seier Leif Einar Lothe.

I 2018 kjøpte han det gamle trafobygget på Smelteverkstomta, som sidan har stått urørt. No har det begynt å skje ting, og både veggar og tak skal bli heilt nytt.

Huset er nemleg verken verna eller freda, noko som gjer at han står ganske fritt til å gjere det han vil med det.

– Det var derfor eg kjøpte det, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Målet er å få bygget i stand etter TEK17, altså dagens byggekrav. Med seg på oppussinga har han Martin Heggøy, som fortel at dei no konsentrerer seg om fasaden.

Før dei begynner å gjere noko inne i bygget må dei søke om bruksendring, og dei vil først undersøke interessa for bruk av bygget. Teikningane HF har fått vidareformidle er derfor foreløpige forslag på korleis det kan delast opp i kontor.

– Det er ikkje mange bygg i Odda som har dei samme moglegheitene. Ein står mykje friare til å få eit betre kvalitetsbygg. Parkeringsplassen blir jo den største i Odda, seier han.

– Ein kan og legge til rette for ulike ting i dei ulike etasjane, seier Lothe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kan vere aktuelt å selge

Vi håpar folk vil komme og melde si interesse. Dersom leigetakar vil ha andre ting enn kontor, kan vi legge til rette. Det er berre fasaden som er låst, seier Heggøy.

Lothe legg til at det og kan vere aktuelt å selge heile bygget på sikt. Han ser og for seg at det kan fungere som butikklokale.

– Folk må ringe til Martin om det er nokre spørsmål. Eg skal ikkje ha nokre telefonar, konstaterer han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dei seier at det innvendige arbeidet kan komme i gang kjapt dersom dei får nokon på kroken som er skikkeleg interesserte.

Dei meiner lokasjonen burde vere populær, då det ligg midt i smørauget i Odda sentrum, og det vil bli gode parkeringsmoglegheiter. Dei kjem til å halde på stilen og utsjånaden på bygget, men oppgradere kvaliteten.

Lothe har og ein ide om å få på plass den gamle trafoen som stod der då smelteverket var i drift, og ha den bak glas som dekorasjon i bygget.

Det er fleire av dei gamle tinga der inne som vi vil bevare og bruke, vi vil ta vare på arkitekturen men det vil sjå nytt og fint ut, forklarer dei.