Direktør Honningsvåg i Lyse Kraft DA kunne stolt meddele følgande i Haugesunds avis 19. januar: “Ingen annen virksomhet bidrar med så store overføringer til vertskommunene som vannkraften.” Olje- og energidepartementet (OED) meinar også at Røldal skal vera glad for alle inntektene kraftproduksjonen bidreg til.

Med dette bakteppet tykkjer eg det også er viktig å fokusere på at Lyse sine inntekter frå Røldal-Suldal kraft (RSK) er på meir enn 1500 millionar årleg. Og korleis gjekk det eigentleg med fjellbygder som fekk bli med i den massive hytteutbygginga i frå 1980-talet og fram til no? Trysil, Geilo og Hemsedal er gode døme på dette. Utan kraftutbygging ville Røldal i kombinasjon med Valldalen konkurrert i denne ligaen. Og inntektene lokalt hadde vore langt større enn det RSK-anlegga bidreg med. Men det viktigaste er alle arbeidsplassane me går glipp av. Det er dei som skapar livsgrunnlaget for distrikta. Ein fast arbeidsplass bidreg til ein ekstra familie, som igjen sikrar barnehage, skuletilbod, helsetilbod, fritidsaktivitetar, butikkar, infrastruktur osv.

Destinasjonsanalyse gjennomført av NHO-reiseliv i 2018 visar at reiselivet i Trysil bidrog til ei verdiskaping på 450 millionar kroner og 785 sysselsatte. Tala for Hallingdal var 2,3 milliardar kroner og 2200 syselsatte.

Eg vil derfor påstå at det er misvisande når Lyse og OED framhevar at skatteinntekter frå RSK-anlegga er som å trekka gulloddet. I Røldal er det i dag ein fast arbeidsplass knytt til kraftanlegga. I Suldal er det ca 30, men dette er planlagt redusert dei neste åra.

Anlegga i Røldal ligg ikkje høgt til fjells i blant krasafarne steinurer og uproduktivt landskap slik dei fleste store kraftmagasin gjer. Den framtredande Novlefoss, aktiviteten rundt Røldalsvatnet og ikkje minst den unike og vakre Valldalen med jordbruk, fiske, friluftsliv, langrenn og potensialet for alpinanlegg i Alpe-format. RSK-utbygginga drukna næringspotensialet i bygdesamfunnet. Aktiviteten som alternativt hadde vore her i staden for neddemte dalfører og enorme reguleringsmagasin hadde gjeve muligheter for folkevekst i staden for den utviklinga me ser no. Dette påpeikte Røldal kommune, DNT og fleire høyringspartar allereie på 1960-talet.

Kulturelt og miljømessig er RSK-utbygginga ein av dei mest inngripande kraftutbyggingane. No har myndighetene muligheten til å rette opp ein del av dei verste skadene ved å pålegge ein full gjennomgang av vassdraget i frå fjell til fjord. Det rare er at regulanten og myndighetene argumenterer for ein prosess som er mindre omfattande enn kva dei lokale bøndene i bygda har blitt pålagt når dei har søkt om å bygge småkraftverk. Denne forvaltningspraksisen gjer at ein mistar gnisten og initiativet lokalt. Det er forferdeleg undertrykkande for bygdene. Sentrale myndigheter må forstå at konsekvensen er utarming av distriktet, samt eit massivt bidrag til sentraliseringa. Kor er moralen og etikken oppi det heile?

At kraftproduksjonen einsidig skal gavna regulanten er ein kolonistisk tankegang. For fellesskapet er det langt betre om Novlefoss vert «skrudd på att». Og at magasinkapasitet blir redusert eller erstatta med elvekraftverk slik at at mykje av Valldalen blir rehabilitert.

Stortinget må sjå på heilheten. Om ein inkluderar lokalsamfunnet, vertskommunane og naturen som ein likeverdig aktør i verdikjeda, så vil også industrien oppnå det dei etterspør: Langvarig, forutsigbar, bærekraftig tilgang på kraft.

Avslutningsvis vil eg sitera Lyse-direktør Honningsvåg sitt mantra: “Vi forvalter kraftressursene til fellesskapets beste”. Om dette har noko innhald, anna enn tomt sjølvskryt, så må ein kunne spør seg kvifor myndighetene og regulanten er so motvillige til å gjennomføre ein full gjennomgang av industrianlegga i fjellbygda vår?