Gå til sidens hovedinnhold

Mange smitta i Vindafjord – innfører påbod om munnbind på institusjonar

36 nye personar er stadfesta smitta med covid-19 i Vindafjord i helga.

VINDAFJORD: I tillegg til dei 36 stadfesta tilfella, er det meldt om 13 positive svar på hurtigtestar.

– 27 av dei smitta er tilsette ved ei verksemd i kommunen. Verksemda testar alle tilsette så lenge det er positive svar. Dei 13 som har testa positivt på hurtigtest i helga, vil bli testa måndag. I tillegg har me 9 smittetilfelle i kommunen der me har kontroll, seier kommuneoverlege Terje Kleiven på heimesida til kommunen.

Smittetilfella i Vindafjord blir førebels ikkje definert som eit utbrot, opplyser Kleiven etter å ha vert i dialog med Folkehelseinstituttet om dette. Det er i samråd med FHI justert noko ned på tiltaka som blei innførte før helga for husstandsmedlemmer til dei som har testa positivt for korona, blir det opplyst.

– Vaksinerte husstandsmedlemmer skal ta ein hurtigtest straks. Ved negativ test kan dei gå på jobb. Uvaksinerte husstandsmedlemmer skal ta hurtigtest kvar dag i sju dagar. Er hurtigtesten negativ, kan dei gå på jobb. Barn og unge skal også testa seg med hurtigtest i sju dagar. Er testen negativ, kan dei kan gå i barnehage og på skule. Samstundes er det viktig for alle at ein er obs på symptom i 10 dagar, seier Kleiven i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken