Kvinnehelse er vår tids likestillingskamp.

I likestilte Noreg er det framleis ikkje likestilling innan helse. For oss er kampen om kunnskap og forståing for kvinnehelse ein viktig kvinnekamp. At vi i 2022 ikkje har kome lengre viser at vi som kvinner må snakke med ute stemme om denne ulikskapen og ikkje «lide i stillheit». Forsking på kvinnehelse må difor prioriterast kraftig.

I seinare tid har vi sett bunadsopprøret og barselopprøret. Det er ikkje greitt at fødetilbodet blir dårlegare. Fleire fødselsklinikkar blir lagde ned og NRK opplyste 22. november at over 300 fødslar skjer i bilen på veg til sjukehuset eller som uplanlagt heimefødsel, fordi ein ikkje kjem seg fram til sjukehuset i tide. Korleis skal vi som kvinner kome gjennom lydmuren for å få fram kor viktig ein trygg og god fødsel er? Eller at inndelinga av foreldrepermisjonen i nokon grad kan utfordre kvinnekropp og amming, fordi familiar kan bli nøydde til å prioritere på ein måte dei ikkje ønska?

Mannen er normen og kvinna er avviket, også innan medisin. Det er ulike studiar som viser at kvinner har høgare risiko for eit dårlegare resultat innan ulike helseproblemstillingar fordi historisk har både forskar, forsking og forskingsobjekt vore prega av menn.

Rogaland KrF Kvinner har hatt fleire samarbeidsmøter med Norges sanitetskvinner (NKS) både i Haugesund og Stavanger. Vi er blitt presentert for kunnskap og synest det er svært urovekkande kor lite fokus det er på overgangsalderen hjå kvinner og kva symptom som kjenneteiknar nettopp denne fasen midt i livet.

Visste du at dei mest framtredande symptoma er dårlegare søvn, hjerneskodde, nedstemtheit, sveittebrot, hukommelses tap, utmatting og hjartebank - berre for å nemne nokre? Opplysningar om korleis dette kan verke inn på arbeidssituasjon og livskvalitet må kome meir fram.

Rogaland KrF Kvinner har hatt to temakveldar med Norges sanitetskvinner (NKS) i Haugesund og Stavanger nettopp for å setje søkelys på denne tematikken.

Retten til eit godt og likt helsetilbod er grunnleggjande i vårt samfunn og gjeld innan heile helseomsorga. Både NKS og Rogaland KrF kvinner vil opprette ein kvinnehelseportal på nett som gjev lett tilgang til kunnskap om kvinnehelse. Lat oss få ein sikker nettstad som kan gje oss rett og informativ kvinnehelse råd.

Kvinner og menn er biologisk ulike, og derfor vil til dømes både diagnostisering, behandlingsformer og medikament kunne ha ulik utsjånad og effekt. Ein faktaopplysning er stort sett all doseringforslag på medisiner er med utgangspunkt i menn. Ein konsekvens av det negative kjønnsperspektivet er mellom anna at fleire kvinner enn menn døyr av hjartesjukdom, sjølv om det oftast i «manns minne» er typisk at det er menn som døyr av hjartesjukdom. Nettopp difor vil Rogaland KrF kvinner be om at vi snarleg styrke forsking på kvinnehelse og på kjønnsforskjeller når det gjeld verknader og biverknader på legemidlar.

Anne Kristin Bruns – leiar Rogaland KrF Kvinner

Gunn Marit Lygre – styremedlem Rogaland KrF Kvinner