For å stoppe netthets og frustrasjon i ugreie former må me jobbe for at folk skal kunne gje beskjed og få utløp for frustrasjonen sin i større grad i kontrollerte former. Me må ha eit større fokus på førebygging i forkant. Sinne og politisk usamde er blant de store drivkreftene til hets, det kan bli brakt i lyset før det ulmar og eksploderer på nett.

Mellom 5 og 20 prosent av befolkninga opplever å bli trakassert på nett. Det er lite samanlikna med resten av Europa, men veldig alvorleg for de som blir rammet. Trenden med netthets kan etter alt å dømme og spreiast til Noreg om me ikkje er varsame.

Me må ha forum for å få utløp for frustrasjon med ein eller anna grad nyansert publikum. Ekkokammeret i nettforum må erstattast med eit publikum som nyanserer og har moglegheit til å gjer noko med saka. I så måte savnar me dei tidlegare uformelle arena som å snakke med naboar, rundt ein kaffi kopp i idrettslag eller bygdesenter, eller i meir offisielle forum som folkemøte, politiske møte og ulike former for lokale organ.

Urbanisering, globalisering og ein aukande trend med avstand mellom folk har gjort at mindre fellesskap forvitrar i lag med tilhøyrande kommunikasjonskanalar. Praktisk vil det seie at færre møter opp på fysiske politiske møter, færre har og møter opp på apolitiske folkemøte og dermed færre folk hever stemmen, i alle fall i kontrollerte former.

Me kan sjå på USA som eit eksempel på korleis det byggjast opp sinne og polarisering, når mange ikkje blir ikkje høyrd på ein reel måte. Linken til netthets er openbar, korleis skal du gje beskjed skikkeleg utan eit skikkeleg forum?

Urbanisering og internasjonale trendar er ein utfordring, men samfunnet må finne kommunikasjonskanalar som høyrar på folk på ein reel og legal måte. Det er mykje betre at tema kan diskuterast og nyanserast lokalt, enn bli polarisert og som ytterste konsekvens komme til utrykk gjennom hets på nett.

Rogaland KrF vil styrkje og vidareføra den norske suksessoppskrifta med å ta vare på de nære fellesskapa som tar eit stort samfunnsansvar, slik kan me forebygga netthets.