Er ei unnskyldning for mykje å be om?

Noko mangla:  Framlegget i kommunestyresalen 20. november vart følgt av fine for- og etterord frå ordførar og rådmann Sigurd Eikje. Men ordet unnskyld mangla.  Foto: Jan Kåre Næss

Noko mangla: Framlegget i kommunestyresalen 20. november vart følgt av fine for- og etterord frå ordførar og rådmann Sigurd Eikje. Men ordet unnskyld mangla. Foto: Jan Kåre Næss

Av
DEL

Leserbrev«Harde i klypa!» Karakteristikken refererer til uttalen frå ekspertutvalet som fekk i oppgåve å evaluera barnevernstenesta og samarbeidande tenester i Tysvær.

Eg var til stades under framlegget i kommunestyresalen den 20. november 2018 og har også lest rapporten. Hovudpunkta samsvarer med erfaringane til Ole og Marianne Bjelland. Ole er nevøen min, han vart hausten 2017 skulda for incest. Dei har vore gjennom heile apparatet, er frikjende i alle instansar og har valt å stå fram med sine erfaringar.

Ja, barnevernstenesta har vore harde i klypa, som leiar av ekspertutvalet Alexander Schønemann fleire gonger påpeika. Talet på akuttvedtak der borna blir tatt frå foreldra låg langt over landsgjennomsnittet! Gjennomgåande viste barnevernet manglande vilje til nøye å undersøka bakgrunnen for bekymringsmeldingar, utforska alternative hypotesar, høyra på andre partar og finna tiltak som i større grad tok vare på familien.

2017 var eit toppår! «Det kunne ikkje fortsetja slik» sa Schønemann. Han stilte spørsmål ved rettsvernet. Ytst alvorleg!

Ole og Marianne Bjelland tar samfunnsansvar når dei offentleg peikar på manglar i organisasjonen og sviktande støtte frå kommunen totalt sett.

Dei snakkar ikkje berre om eigne traumatiske erfaringar; dei snakkar på vegner av mange andre som ikkje har krefter eller ressursar til å tala si sak. På det meir personlege plan kjem behovet for rehabilitering på mange nivå etter grunnlause skuldingar basert på fordommar, mistydingar, raske konklusjonar og rigide haldningar.

Framlegget i kommunestyresalen vart følgt av for- og etterord frå ordførar og rådmann. Vakre ord, det står ikkje på det. Behov for openheit, tverrfagleg samarbeid, rapportering til politikarane osb. Men det eine viktige ordet var ikkje der! Kvifor er det så vanskeleg å seia UNNSKYLD i det offentlege rom? Dette gjeld ikkje berre Ole og Marianne Bjelland og borna deira, men alle som er offer for feil behandling frå barnevern og samarbeidande tenester.

«Nå må me leggja dette bak oss og sjå framover» sa Schønemann. Så lettvint er det slett ikkje! Det handlar om å gjera opp for seg både inn- og overfor omverda før ein går vidare, noko som er heilt grunnleggjande i slike prosessar og må inn i dei kommunale prosedyrane. Det handlar om anstendigheit og vanleg folkeskikk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags