Tilkjøringsvegen Åkra

Farlig kryss: Veakrossen. 
Arkivfoto: Alfred Aase

Farlig kryss: Veakrossen. Arkivfoto: Alfred Aase

Av
DEL

Leserbrev 

I Haugesunds Avis 10.04 dokumenterer journalist Espen Løvvik biltrafikken langs FV 47 på Karmøy via offentlege data kunngjort av Statens vegvesen. Gjennomsnittleg døgntrafikk inn til Åkra er 14.500 bil og ut av Åkra ved Liknes 4.600 bil. Ut av desse tal kan lesast at omkøyringsvegen Veakrossen - Åkra til 500 - 800 millionar vil bli ein tilkøyringsveg innad til Åkrehamn og ikkje ein omkøyringsveg for trafikk som skal vidare til Skudenes. Eit blikk på planutkastet for omkøyringsvegen syner dette tydeleg, med fleire armar frå heia og ned i Åkra aust.

No er det avslørt som mange har påvist ved tidlegare trafikktellingar: Styringsgruppas Karmøyrepresentantar legg eit lenge forsømt småbyinternt trafikkproblem på bompengefinansen i heile Haugalandet. Kvifor? Her støter me på kommunale inkompetanser både i planlegging og i handheving. Det går klart fram som formulert i Haugesunds Avis: «Byggestart i Engvegen i det blå». Engvegen ville kunna avlasta tilkøyring til Åkra aust betydeleg. Prosjektet er tilrekna 100 millionar i Haugalandspakken, men står i stampe grunna strid med grunneigarane. Kvifor ikkje ekspropriera? Meiner dei ikkje alvor med denne tilkøyringsvegen? Ventar Rådhuset på tilkøyringsvegane frå omkøyringsvegen? Andre finanskjelder finst via byutviklingsmidlar.

Rogaland er einaste fylket som ikkje har nedgang i dødsfall på vegane for 2016. Karmøy kommune bidreg til slik utvikling. Og det på ei strekning som treng akutt til ny og trafikksikker veg: Vea - Flyplasskrysset. Det er ei hån mot offera og pårørande til dei trafikkdrepne på denne sterkninga at politikarane driv konkelimonke med omkøyringsvegen Vea - Åkra, eit prosjekt som ikkje har realsubstans i døgntrafikktala.

Dagleg køyrer folk med hjerta i halsen ut på fv. 47 i Veakrossen. Trafikkdata viser her 3500 døgnpasseringar. At næringslivet misser kundar p.g.a. av- og påkøyring her er eit faktum. Men viktigare: Veakrossen har vore merkt trafikkfarleg med skilt frå 1985. Det er førnemnde strekning som umiddelbart må opprioriterast og få plan- og oppstartsignal. Viss Karmøy i det heile skal få eit vegløft i samsvar med bompengeinvesteringa til bileigarane.

Velgjarane til hausten vil merka seg kva for parti som omsider tar til vit og bergar Haugalandspakken frå fallitt på Karmøy innan 2023.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags