Demokrati i Sveio?

Av
DEL

LESERINNLEGGDette skal handla om politisk kaos i Sveio, men lat oss først setja det inn i eit større perspektiv: I Noreg er det tradisjon for å finna styringsdyktige samarbeid på tvers av parti og politiske skiljelinjer. Dette skjer både nasjonalt og lokalt:

- I Noreg regjerer ikkje-bestevennene FrP og Venstre saman på felles politisk plattform

- I Stavanger skal MDG no samarbeida med mellom anna Folkeaksjonen nei til mer bompenger

- På Bømlo skal ein koalisjon som spenner frå Senterpartiet til Dei kristne styra neste periode

- I Sveio hadde me sist kommunestyreperiode ein leiande koalisjon beståande av FrP og Ap

Etter valet 9. september hadde ein ny koalisjon som spente frå Høgre til MDG funne fram til samarbeid i Sveio. Men den siste veka har to representantar frå Sveio Høgre meldt seg ut av partiet og vil ikkje støtta dette samarbeidet: Ole Johan Sveen og Stian Nygård. Etter å ha blitt valde inn i kommunestyret på Høgre sine stemmer i valet, og på Høgre sitt program, snur dei no og seier dei heller skal stilla som frittståande representantar.

«Partiet» Sveen fekk 50 personstemmer ved valet for to veker sidan, «partiet» Nygård fekk 31 personstemmer. Ingen av desse hadde blitt valde inn i kommunestyret med slike tal.

No har desse to personane skapt eit politisk vakuum i Sveio, og sit sjølv igjen med makt og nøkkelen til å få fram eit styringsdyktig alternativ i Sveio dei neste fire åra.

Nokon som kjenner på politikarforakt rett etter valet? Sveio-veljaren har god grunn til å kjenna seg lurt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags