Gå til sidens hovedinnhold

Fire fakta som vil irritere dei som hatar Oslo

Artikkelen er over 8 år gammel

For tre veker sidan vart ein mann slått ned i Haugesund fordi han var frå Oslo. Eigentleg ikkje så rart. Det har alltid vore lov å hate Oslo. Det er like samlande og sosialt akseptert som å hate mygg. Erna eller Jens, trønder eller stril, me kan iallfall einast om at Oslo er ein tulleplass!

Men ding-ding på glaset, beklagar å øydelegge festen. Her kjem det. Etter ti år i Oslo er det på tide å ta byen min i forsvar. Det er dumt å gjere narr av Oslo, og no skal eg fortelje deg kvifor.

1. Ingen frå Oslo er frå Oslo. Når ein hatar Oslo-folk hatar du folk frå Odda, Namsos og Sogndal. Eller Sverige, Pakistan og Polen. Berre i fjor flytta det 45.372 nye menneske inn til Oslo, 30 prosent av byen er innvandrarar eller har foreldre som er det. Det vert alltid lansert som ein liten sensasjon om det er nokon i rommet som er frå Oslo. «Men mor mi er frå Lofoten» seier dei då raskt, og vil ikkje snakke meir om det. Oslo-bu. Osloenser. Ekte Oslo-folk er så sjeldne at me ikkje ein gong har eit ord for dei. Sånn sett er det mykje meir vettugt å hate Sandeid, som var den andre felles fienden i min oppvekst (Sandeid, Imsland, Karmøy, Haugesund, Oslo, i den rekkefølgen). Hatar du Sandeid er sjansen stor for at hatet ditt treff ein sandeidsbu. Hat Oslo, og du hatar garantert nokon av dine eigne.

2. Oslo er Jesus. Den er ikkje verdas finaste by, men lett den snillaste. Og me ville gått til helvete utan. Ein konsekvens av punkt ein er at bygda får bløme i fred. Med opne armar tek byen stille imot bondestudentar, rusmisbrukarar, politikarar og anna belastande overskotsmateriale frå distriktet. Oslo nektar ingen (nordmenn) å komme inn. Her er jobb til alle, kriminelle og tiggarar inkludert.

I tillegg er Oslo alltid klar for gjester. Korpstur, japanske turistar, alle fotballfjortisane i verda, alt tar Oslo imot på strak arm. Samstundes som byen alltid står klar for å vere ditt personlege Ayia Napa ved behov. Eg har sett deg, du Oslo-hatar, når du ravar rundt i byen med fotballtrøye og har the time of your life på cupfinale. Eller deg, di jodledama som rullar rundt i baren under ein husmorferie med shotting og champagne (…som er det «shopping og champagne» eigentleg går ut på). Då er du ikkje så kritisk mot Oslo, nei.

3. Oslo er eit pity-case. Eg trur det er to grunner til at folk hatar Oslo. Dei er anten overtydd om at Oslo-folk er dummare enn andre. Eller dei er misunnelege. Om Oslo-folk er dumme, sjå punkt ein. Er du misunneleg, må du komme deg ut av hagen din og sjå på oss.

Her er ingenting å misunne. Skulebygningane er slitne. Dei sosiale tilfella altfor mange. Trikken bråkar. Alt er overprisa. Måkane våre har ei snittvekt på ti kilo (#kebab). Det er for mange folk, for få hus, det er varmt, fullt, trongt og alt skal bli verre dei neste åra. Alle bur i kott samanlikna med nybyggjarane i Ølen og Etne (for å ta eit heeeilt tilfeldig valt eksempel).

Du skal ikkje misunne Oslo, du skal synest synd på byen. Klem oss, ikkje kritiser.

PS. Kanskje kan misunning og hat sporast til dei usympatiske Blærum-ungdommane som figurerer i media med russebussar til millionar og «pappa betaler»-filosofi. For det fyrste er ikkje landbrukskommunen Bærum ein del av Oslo. For det andre: Vert du provosert av kaksete kids som «har komme lett til det» og øser champagne utover Moods of Norway-dressane sine veit eg om minst ein by i Rogaland som er ei meir presis skyteskive.

4. Oslo er ditt for alltid. Kanskje er det difor Oslo-hatet har vekse så stort? Ingen tek byen i forsvar, for alle tenker at den store bamsen klarer seg alltid. Den ligg der urokkeleg, uansett kor mykje tyn den får av sine eigne. Den er komen for å bli. Nettopp difor bør du omfamne byen, først som sist. Det er den einaste hovudstaden du kjem til å få. Etter ti år kan eg med handa på hjarta sei at Oslo er ein praktisk og underhaldande by. Den er ikkje like fin som Vikedal, men likevel god. Iallfall tusen gonger betre enn Sandeid!