1 . mai er arbeidarane sin kampdag. I vårt rike land og fredelege region kan utfordringane verka få og at det er lite å kjempa for. Og det er rett, me har det godt. Mange av goda våre kjem frå naturen som omgir oss og frå den kampen som alt er kjempa. Nemnast kan regulert arbeidsliv, ferie og fritid og ulike sosiale gode og støtteordningar til dei av oss som i periodar har bruk for det. Er det så noko for oss å kjempa for? Ja, det er det. Og SV tar kampen for rettferdig miljø og rettferdig fordeling. I lokal målestokk vil det m.a. seia :

· SV tar kampen mot nedbygging av landbruksjord og sårbare natur- og friluftsområde. Dvs. at kraftlina Blåfalli – Gismarvik, planlagd gjennom Etnefjella, må utgreiast og byggast som jord- og sjøkabel.

· SV tar kampen for arbeidstakarane sin rett til heile og faste stillingar, i kommunane og i arbeidslivet elles.

· SV tar kampen for at komande SFO- reform, gratis halvdagsplass for alle i 1. klasse, får ei brukarvenleg utforming.

Ser me utover lokalmiljøet, tar SV andre kampar; t.d mot marknadskreftene som har fått hand om straumproduksjon og – import/eksport. Me har alle erfart auka utgifter til straum denne vinteren. Dette kan ikkje halda fram!

Solidaritet er kjerneverdien for 1.mai som internasjonal kampdag. Innhald og vinkling endrar seg, utifrå kva utfordringar ulike land og folk står framfor. Dette året er solidariteten vår først og fremst med folket i Ukraina og deira fridomskamp for demokrati og sjølvstende. Solidariteten og tankane våre er med kvinner, barn og eldre har måtta reisa frå alt dei eig og har, ut i ei ukjend framtid og med dei som framleis er i Ukraina: Med dei der flukt ikkje er eit alternativ og med alle menn som har måtta ut i eit ukjend og livstrugande tilvære som soldatar. Måtte deira kamp snart ta slutt.

På 1. mai, arbeidarane sin internasjonale kampdag, er det både rett og sjølvsagt at SV sluttar seg til ropet om: «NEI til atomvåpen». Så, godtfolk: Det er framleis meir enn nok å kjempa for. Gratulera med dagen. God 1. mai!