Mobbing: Innfør MOT i Karmøyskolen
MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Politikerane på Karmøy må ta ansvar – me treng konkrete tiltak for å forebyggja mobbing og
rasisme.
Det er tragisk når ungdom tar livet av seg. Endå meir tragisk er det når familien opplever at det blir
framsett rasistiske meldingar i samband med dødsfallet. Det er bra at mange går ut og markerar sin
støtte til dei som blir offer for slik sjofel atferd, med ulike markeringar i lokalmiljøet og innlegg i
aviser og sosial media. Men det fører neppe til at det blir mindre rasisme og mobbing av den grunn.
Politikerane har jo tidlegare vedtatt nulltolleranse mot mobbing, det same har ungdomsrådet, uten
at det ser ut til å ha noen som helst effekt. Skal ein endra holdningar og atferd må det jobbast meir
systematisk på brei front med dette over tid.
Eg vil derfor utfordra politikarane til å innføra MOT i Karmøyskulen og i Karmøy kommune. Med det
nye programmet MOT som samfunnsbyggar kan dette kanskje bidra til å skapa robuste ungdommar
som har MOT til å bry seg om andre, MOT til å leva gode liv og MOT til å seia nei til både mobbing,
rasisme og rus.
Sjølv var eg med å innføra MOT på Haugaland vidaregåande skule i 2003 etter at
elevundersøkingane viste at det var ein del ungdom på skulen som blei mobba. Gjennom
systematisk MOT-arbeid over år fekk me gode resultat i form av meir trivsel og gode læringsmiljø,
mindre mobbing, færre elevar som droppa ut av skulen og bedre faglige resultat.
Det er på tide at politikerane og administrasjonen i Karmøy tar tak i dette samfunnsproblemet med
konkrete tiltak som kan gi resultat på sikt. Andre kommunar har prøvd med gode resultat.
Odd Henning Johannessen
Kopervik
DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir
Kommentarer til denne saken