ETNE: Dei utvider frå berre motorar for sjø og land, mopedar og traktorar til alt frå skulestove, lensmannskontor, radioar og mobiltelefonar.

Og utstillingar om viktige lokale firma som Knudsen Trevare, SMV, King Oscar sardinfabrikk og Delta båtplast.

– Me kan jo ikkje ha det slik at kona sit ute i bilen og ventar medan gubben ikkje blir ferdig med å saumfara alle motorane me har i samlinga vår, ler styreleiaren for motormuseet, Lars Ebne.

Han fortel at nokon for spøk har kalt museet «Norsk omsorgssenter for gamle motorar».

Men museet er mykje meir enn berre gamle dampmaskiner og forbrenningsmotorar.

Fleire nedlagte funksjonar

Nytt av året er det nedlagte Skånevik lensmannskontor. Siste lensmann, Bernhard Hjelmervik, var lensmann i niande generasjon. Og museet har fått nok gjenstander frå det nedlagte kontoret til at folk som har levd ei stund kjenner seg att.

Eit av barnebarna til siste lensmannen i Skånevik, Frode Hjelmervik Ness, er fast i dugnadsgjengen. Han leiger til og med leilegheita som motormuseet har i bygget.

Også telegrafstasjonen i Skånevik, nedlagt i samband med automatiseringa i 1983, finn ein på museet.

Saman med nokre av arbeidskleda til dei 60 tilsette i King Oscar hermetikkfabrikk som måtte gå frå jobbane sine då fabrikken i Skånevik blei nedlagt i 2001.

Eit sjokk i lokalsamfunnet.

Ope på dugnad

I heile sommarferien er det ope heile veka – med unntak av mandag.

– Dei fleste musea er stengde på mandagar, legg Lars Ebne til.

I fjor stakk litt over 400 innom. I år teiknar besøkstala mot at det blir fleire.

– Eg trur ryktet går om at me har utvida repertoaret og har meir nytt å visa fram. Men me er sjølvsagt framleis eit motormuseum – med vekt på motorhistoria til lands og til sjøs i Sunnhordland. Alt frå trøskjeverk, komplette verkstader for båtar og bilar i gamal tid, til ei flott snekke frå Oma i Hardanger. Bygt i 1938 og med ein Marna 3,5 HK motor. Pluss alle påhengsmotor-typar opp gjennom tidene som folk har baksa med å få til å gå, seier han.

Ute, under tak, står eit lokomotiv med lastevogner, som vart brukt i Matrefjella under Blåfalliutbygginga. Inne finn ein deler av ein kraftstasjon i Matre frå 1953.

Vaks ut av lokala

Visste du at Norge, på det meste, hadde 140 motorfabrikkar?

Rubbmotorar frå Wichmann finn ein i alle variantar på museet, men også mange andre merke.

Og visste du at heile skomakarverkstaden til den siste skomakaren i Skånevik, Lars Halleland, står i museet?

Lars Halleland blei 101 år gamal, og verkstaden sto då i kjellaran hans.

Sjølve museumsbygninga var først Knudsen Trevarefabrikk. Så trengte Knudsen meir plass og bygde nytt. Så kom Skånevik mekaniske verkstad (SMV), Hovda-familien, med sin mekaniske verkstad frå Seimsfoss i Kvinnherad.

Men også dei vaks ut av lokala, og frå 1986 har Norsk Motormuseum halde til der.