Nå treng me ein koronadugnad for arbeidsplassane på Haugalandet

Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening

Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening Foto:

Av
DEL

KronikkHeile samfunnet har stilt lojalt opp for å bremse spreiinga og skadeverknadane av koronaviruset. Dette er ein dugnad det lokale næringslivet sjølvsagt skal vera med på, og allereie bidrar til på mange ulike måtar, alt frå å levera smittevernutstyr og kompetanse til det offentlege til å begrensa kontakt mellom folk og slik redusera faren for spreiing av viruset.

Me har gjennomført spørjeundersøking i våre bedrifter om konsekvensar av koronavirus og -tiltak. Det same har dei fleste andre næringsforeiningar landet rundt. Felles funn hos dei fleste er at dei viser noko ein kan kalla eit nødskrik frå bedriftene, særleg dei små og mellomstore. Desse står for halvparten av arbeidsplassane i norsk næringsliv. Nå har åtte av ti bedrifter gjennomført eller planlegg permitteringar, og ein av fem står i fare for konkurs dersom koronasituasjonen held fram over tid.

Koronaepidemien, og ikkje minst tiltaka mot denne, råkar bedrifter ulikt. Nokre svært få opplever auka etterspurnad og inntening, og ein heil del opplever negative men ikkje kritiske konsekvensar. Så er det ei urovekkande stor gruppe bedrifter som meir eller mindre over natta har fått heile driftsgrunnlaget revet vekk. Nokre ved pålagt stenging, andre ved kundar som forsvann. Fellesnemnaren blant dei mest utsette er at det er bedrifter der folk møter folk, blant anna i kulturnæringa, handel og service, og reiseliv. For desse bedriftene er situasjonen akutt og kritisk, og her står me i fare for eit blodbad i form av konkursar og tapte arbeidsplassar dersom ikkje situasjonen endrar seg til det dramatisk betre innan kort tid. Regjeringa har lagt fram ulike tiltak for å bøte på dette på kort sikt, blant anna i form av noko reduksjon av og utsatt frist for offentlege avgifter og kriselån. Dette blir diverre alt for lite for mange av dei hardast ramma bedriftene, og det blir også ei skeivfordeling av kostnaden ved koronadugnaden. Som Victor D. Norman skriv i Dagens Næringsliv 20. mars: «Vi som felleskap har tatt inntektsgrunnlaget fra bedriftene, og det eneste vi tilbyr som kompensasjon er et lån…».

Arbeidstakarar som varig eller midlertidig mistar inntekt som følgje av permittering, får støtte frå felleskapet i perioden ein er utan arbeidsinntekt. Denne sikkerheten for lønnsmottakaren har nå blitt styrka som del av regjeringa sine krisetiltak.

Konsekvensane av koronaepidemien er for mange bedrifter i første omgang ei likviditetskrise. På lengre sikt kan det vera ein varig nedgang i inntekter som igjen kan føra til oppseiingar av tilsette og i verste fall konkursar. Ein ser allereie nå rekordhøge tal i arbeidsløyse som det er all grunn til å uroa seg over.

Bedriftene sitt aller viktigaste bidrag til lokalsamfunnet er arbeidsplassar for folk som bur her. Nå treng mange av bedriftene som skal vera her også etter koronaepidemien at samfunnet bidrar til ein dugnad for å hjelpa dei over kneika. Ikkje for eigarane eller aksjeutbyte sin del. Ikkje for at bedriftene ikkje skal tapa pengar, for det kjem dei til å gjera, men for at dei skal overleva og kunne vera trygge og gode arbeidsplassar også når dette er over.

Noko er eit nasjonalt ansvar, der til dømes direkte likviditetsstøtte til dekking av faste kostnadar for bedriftene kan vera eit mogleg tiltak, eller «arbeidsløysepenger for bedrifter», om du vil. Det er også eit offentleg ansvar for kommunar og fylkeskommunar, som blant anna kan bruka si rolle som innkjøpar til å halda trykket oppe på aktivitet innan bygg, anlegg og infrastruktur. Til sjuande og sist er det også ditt og mitt ansvar. Bruk dei lokale bedriftene som nå går på sparebluss til det dei kan levera under desse spesielle føresetnadane.

Når verda etterpå skal nærma seg normalen igjen håpar eg me har lært at me står sterkare saman (med ein viss avstand), og har blitt endå betre på å gjera kvarandre gode enn me var før det kom eit virus til landet. Gode har me vore og betre kan me bli, av å halda fram å utfordra kvarandre, læra av kvarandre og handla av kvarandre. Då kan me klara å vidareutvikla bedrifter, arbeidsplassar og lokalsamfunn.

Kriser har gått over før, men det er ein myte at dei går over av seg sjølv. Kriser går over fordi det er nokre som ser alvoret og tar tak. La oss vera ein region av folk som tar tak.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags