Lothepus frikjend i sak om steinmassar

Leif Einar Lothe (Lothepus) og Joar Førde (Levemann) vart kjende i Fjorden Cowboys.

Leif Einar Lothe (Lothepus) og Joar Førde (Levemann) vart kjende i Fjorden Cowboys. Foto:

Osnes Maskin meinte at Nå Maskin, ved Leif Einar Lothe, hadde tatt steinmassar frå ei tomt i Skare. Tingretten har frikjend Lothe, som slipp å betala erstatning til motparten.

DEL

HARDANGER TINGRETT [HF]: I 2014 kjøpte ein privatperson ei tomt i Skare frå Osnes Maskin, ved entreprenør og utbyggar Gunnar Lien. Nå Maskin, med Leif Einar Lothe i spissen, utførte både grave – og sprengingsarbeidet etter avtale med tomteeigaren.

Nå Maskin køyrde steinmassane vekk, noko motparten meinte var imot avtalen. På bakgrunn av dette har Hardanger tingrett no handsama spørsmålet om kva Nå Maskin fekk opplyst om kven som var eigar av steinmassane, og kvar dei skulle plasserast.

Bergens Tidende skriv at Osnes Maskin kravde 205.000 kroner i erstatning frå Lothe. I dommen kjem det fram at partane gav «gjensidig utelukkende» forklaringar, og retten valde difor å vektlegga partsforklaringane i den grad dei var støtta av andre bevis i saka.

«Det er på det rene at det ikke er utarbeidet noen dokumenter i saken uavhengig av tvisten som sier noe om en muntlig tilleggsavtale vedrørende hvem som eier steinmassene, samt hvor de skal fraktes», heiter det i dommen.

På bakgrunn av dette vert Nå maskin frikjend, og motparten må betala sakskostnadane deira på 150.010 kroner.

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad

Artikkeltags