Svartkulp kraftstasjon i drift

Av
Artikkelen er over 16 år gammel

Ordførar Torfinn Opheim i Sauda fekk i går æra av å setje ein ny kraftstasjon i drift. Det er meir enn 30 år sidan sist det skjedde i kraftkommunen i Indre Ryfylke.

DEL

Elkem Saudefaldene står som byggherre for Svartkulp kraftstasjon som utnyttar det 50 meter høge fallet i ein tidlegare avlaupstunnel. Tunnellen var nytta til å tøme Svartavatnet som ligg langs Rv 520 mellom Hellandsbygd og Røldal.
I 1978 vart det siste kraftverket, Sauda II, sett i drift i Saudafjella. Men dette kraftverket erstatta berre eit anna. Så den siste heilt nye tilveksten var i 1968 då Sauda IV kom i drift.
Det har kosta 26,7 millionar kroner å bygge Svartkulp, som har ein installert effekt på fire megawatt og ein årleg produksjon på 20 GWh. Det er nok til å ta hand om det daglege forbruket i 1.000 norske heimar. Ikkje mykje når ein held det opp mot Elkem Saudefaldene sin årsproduksjon på nær 1.100 GWh.

- Viktig steg

- Ikkje den store kraftproduksjonen, men likevel eit lite steg i ein viktig prosess som kan føre til ny kraftutbygging i Sauda, understreka konserndirektør Svein Sundsbø i Elkem. Sundsbø er også styreleiar i Elkem Saudefaldene.
Svartkulp er rekna som eit særs miljøvenleg prosjekt. Den opphavlege tunnellen låg der. Berre ein kort tunnel måtte sprengjast for å kunne ta ut vatnet der stasjonen er plassert. Dette er eit viktig poeng for naturvernarane; å utnytte eksisterande fall betre.
Bygningen er og tilpassa terrenget og med ein overflatestruktur som gjer at den passar inn. Kraftlinja er plassert i samråd med miljøvernkonsulenten i Sauda kommune.
Bygginga starta i november i fjor og krafta frå verket er alt på nettet.
Stasjonen blir fjernstyrt frå Elkem Saudefaldene sitt hovudkvarter i Sauda sentrum.

Mage lokale oppdrag

NCC Anlegg AS har hatt totalentreprisen på anlegget.
- Vi var i samtale med lokal firma om totalentreprise. Men prosjektet var for komplisert, samansett og stort. Likevel har det vore ei omfattande deltaking av lokale firma. Sjølv om totalentreprenøren kjem utanfrå, er det mykje å hente for lokale firma, hevdar prosjektleiar Gunnar Vika.
Då ordførar Torfinn Opheim i går skulle trykke på knappen og fjernstarte verket frå Sauda, fekk han spørsmål om kvifor han ikkje nytta ordførarkjedet ved eit høve som dette.
- Den dagen vi kan sleppe ein terawatt ny kraft ut på nettet, då skal eg bere det, svara ordføraren i von om at han kanskje kan gjere det når ei mogleg ny utbygging er fullført.

oddvar.vindedal@haugesunds-avis.no

Artikkeltags