Villrein raudlista internasjonalt

Ein ventar ein normal kalvetilvekst på om lag 2500 i år.

Ein ventar ein normal kalvetilvekst på om lag 2500 i år. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

DYREVERN: Den Internasjonale naturvernunionen har nyleg avslutta sin verdskongress, som har namnet IUCN-kongressen. Her kom det ei oppdatering av den globale raudlista for truga artar, og der vert villrein for fyrste gong vurdert som truga.

– Bakgrunnen er at på verdsbasis har villreinbestanden dei siste 25 åra blitt redusert med ca. 40 % ifølgje IUCN sitt ekspertpanel, frå om lag 4,8 millionar individ til 2,9 millionar individ, skriv Marianne Singsaas, leiar for Norsk Villreinsenter Sør, i ein kronikk i Nationen.

Villrein.no melder at det i Noreg er villrein i 23 meir eller mindre isolerte område, og den totale bestanden er på om lag 35.000 vinterdyr.

Dei viser til kronikken der Singsaas skriv at Noreg med dette har dei siste restane av den europeiske tundrareinen, noko som gjer at Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på reinen.

Les og: Vil fjerna dei freda områda

Jakt har ført til ei vellukka forvaltning lokalt, men no må ein vera obs på fragmentering av beiteområde og sjukdommar.

Artikkeltags